Hopp til innhold

Fann fleire ryper, men ventar likevel med jubelen

Årets rypeteljing er langt frå like nedslåande som i fjor. – Vi har utgangspunktet for å ta noko, men ein må vere varsam, seier Knut Broberg.

Rype på flukt

BETRING: Årets rypeteljing på Gaularfjellet viser ein bestand i oppgang. – Bestanden er framleis ikkje tilbake til toppåra, men den er likevel betre enn katastrofeåret i fjor, seier Knut Broberg i Norges Jakt- og Fiskeforbund.

Foto: Steinar Lote / NRK

Broberg leia den årlege teljinga av rype på Gaularfjellet. Rapporten for i år er langt frå like nedslåande som i fjor.

Av 158 ryper var 120 kyllingar. Resten vaksne. Det gir eit relativt bra høvetal.

– Eit snitt på 6,4 kyllingar per vakse par betyr at du får litt storleik på kulla. Det tyder på at fleire av egga som blir lagde blir klekt, og er med på å gje oss ein positiv tilvekst på rypebestanden i løpet av hausten og vinteren, seier Broberg.

– Dramatisk dårleg

Tala for i fjor viste 112 ryper, der 60 var vaksne. 1,66 kylling per vaksne par er ikkje stort nok for at bestanden kan reprodusere seg sjølv.

Tala for Gaularfjellet har siste åra vist seg å stemme godt overeins med takseringa andre stadar i landet. I fjor vart det fleire stadar lagt ned forbod mot rypejakt.

– Fjoråret var dramatisk med veldig dårlege klekkeforhold. Snøen låg lenge, det var ingen insekt og egg som ikkje vart klekte. Få kyllingar vaks opp og takseringa viste ein bestand på veg ned, fortel Broberg.

Har forståing

Fylkesleiar i Norges Jeger- og Fiskeforbund, Alf Erik Røyrvik, er glad for at pila igjen peiker oppover for rypebestanden. Samstundes kjenner han til fleire område der ein framleis vurderer å stengje for jakt.

I Høyangerfjella viste ein dag med teljing, eller taksering, berre to vaksne fuglar. Her vart det ikkje opna for jakt då rypejakta starta sist helg.

Røyrvik kjenner ikkje til kor mange område som er stengde. Stenging er eit effektivt og enkelte stadar naudsynt forvaltningstiltak for å hjelpe rypebestanden.

– Men alle grunneigarar og jegerar har sett kor liten bestanden har vore enkelte av dei siste åra, og har stor forståing for at jakta blir stengd, seier han.

Ikkje fritt fram

Rypebestanden er sårbar og møter også truslar frå både mår, kråke og rev. Ein normal vår og sommar har slått positivt ut for bestanden, men det er dermed ikkje fritt fram for jegerane å forsyne seg grovt av fuglen.

For 158 ryper på Gaularfjellet indikerer at oppsving i stammen. Men stadfestar på ingen måte noko stor bestand. Til samanlikning talde dei 318 ryper for to år sidan .

– Det gir utgangspunkt for å ta ut noko, men ein må vere varsam. For om ein ser på tal fuglar, så finn vi berre halvparten så mange fuglar i år som på gode år tidlegare. I 2014 fann vi nær dobbelt så mange, seier Broberg og avsluttar:

– Men vi håpar at den vil vekse sakte men sikkert no.