Hopp til innhold

Rypejakta har vore elendig i mange år - men no er det endeleg betre utsikter

FØRDE (NRK.no): For fem år sidan ropte Jan Bjarte Skrøppa varsku for ein stadig minkande rypebestand i Sogn og Fjordane. No kan den ivrige rypejegeren gle seg over at pila endeleg peikar oppover igjen.

Jan Bjarte Skrøppa med fuglehundane

KLARE FOR JAKT: Jan Bjarte SKrøppa og fuglehundane hans er klare for innsats. Etter fleire år med dårleg jaktutbyte håpar den røynde jegeren på ein betre haust.

Foto: Rune Fossum / NRK

– I sommar har det sett betre ut enn det har gjort på ei stund. Det kan sjå ut som vi har ein grei haust å sjå fram til, seier Jan Bjarte Skrøppa.

Den røynde jegeren har over 20 års erfaring, og i 2009 såg han faresignala for rypebestanden her i fylket. I lokalavisa gjekk han ut og sa at han frykta for fjellfuglen.

No - fem år etter - ser han endeleg tendensar til at noko kan vere i gjære.

Og han er ikkje åleine om det. Fleire turfolk og jegerar NRK.no har snakka med, meiner dei har sett fleire smågnagarar og ryper enn dei siste åra.

Teljing stadfestar inntrykket

Ein fersk taksering av rypebestanden på Gaularfjellet støttar opp om observasjonane: Det er ein liten oppgang i rypebestanden samanlikna med tidlegare år.

Under teljinga vart det funne 318 ryper mot 57 i fjor - rett nok på eit litt større område. Det viktigaste funnet er at kvart vaksne rypepar hadde i gjennomsnitt 3,33 kyllingar. Det betyr at bestanden er i framgang. Rett nok liten, men likevel...

– Det er eit gledeleg år, for det er heilt tydeleg at årets klekking har gått godt - og dei fleste kyllingane var store og fine. Så det er all grunn til å gle seg til haustjakta startar, for dei har moglegheit for det, seier Knut Broberg, takseringsansvarleg i Norges Jeger- og Fiskerforbund avdeling Sogn og Fjordane.

Han forklarer vidare:

– Takseringa viser at det er ein liten oppgang i rypebestanden. Til vår store glede fann vi fleire kull enn før, og vi fann fleire kull med bra storleik - det vil seie kull med meir enn åtte fugl. Faktisk var 32 prosent av kulla vi fann på åtte fuglar eller fleire.

(Artikkelen held fram under videoen)

Sommaren har vist at det er mykje ryper i fjellet - og store kull.

STORE KULL: Fleire har opplevd å sjå større rypekull i fjellet enn dei siste åra. Her kjem Bjørn Høyvik over eit kull ryper på tur i fjellet under innspelinga av NRK-serien Fjellfolk. Foto: Torje Bjellaas

Same tendens som elles i landet

Etter ein heller dårleg periode for rypebestanden dei siste ti åra, kan det med andre ord vere lys i tunnelen. Turfolk og jegerar har sett bra med rype i fjellet, og det har også vore sett bra med smågnagarar - ein faktor som heng nøye saman med svingingane i rypebestanden.

– Takseringa er gjort i eit avgrensa område. Kva kan vi generalisere ut frå dette?

– Det blir meldt om mykje av det samme også andre stader i landet. Så biletet er det samme her, men i litt mindre målestokk.

Snittet på 3,33 kyllingar per vaksne rypepar er altså eit tal som syner at bestanden er i vekst. Til samanlikning vart det i Dalsbygda registrert 8,9 kyllingar per vaksne rypepar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rype i fjellet

OPPGANG: Taksering syner at det er fleire ryper i fjellet enn dei føregåande åra. Denne rypa vart fotografert i sommar.

Foto: Steinar Lote / NRK

Har tru på ein betre haust

Uansett syner årets tal saman med fjorårets taksering at det kan vere lys i tunnelen for bestanden også i Sogn og Fjordane. Det er godt nytt for rypejegerane.

– Rypebestanden har alltid svinga, og det vil han jo alltid gjere. Men eg føler vi har hatt mange dårlege år no, kanskje med unnatak av einskilde betre lokale variantar. Jamt over har folk vore misnøgde med det dei har opplevd, seier Jan Bjarte Skrøppa.

Han legg til:

– Eg håpar på ein grei haust, der vi kanskje kan skyte eit par ekstra ryper i forhold til dei føregåande åra. Når ein berre har sett to-tre ryper på ein tur, så er det jo ikkje artig å skyte rype.