Hopp til innhold

Politiet: Brukarfeil kan ha medverka til speedglider-ulukka i Loen

Politiet melder at det sannsynlegvis var ein brukarfeil på utstyret i speedglider-ulukka i Loen i april. Det har vore ein medverkande årsak til ulukka.

Paraglidarulukke ved Hoven i Loen

SJELDAN: Dette var den første dødsulukka med speedglider sidan 2015 (arkivbilete).

Foto: Thomas Thaule / Fjordingen

Politiet kom med pressemeldinga i dag.

Ifølge den førebelse rapporten som er lagt fram skal det ha vore ein feil i innstillinga på utstyret før kvinna sprang ut frå Hoven.

– Sånn eg har forstått det, så kan det ha gjort at den avdøde har kome ut av kurs, seier Tormod Hvattum, regionlensmann i Nordfjord.

Vidare seier rapporten at utspringspunktet er rekna å ha tilstrekkeleg med tryggleiksmarginar som blir kravd ved denne typen luftsport.

– Det er ikkje funne feil eller manglar ved utspringspunktet, seier Hvattum.

Det var 20 år gamle Astri Brandal Reynolds frå Nesodden i Akershus som omkom i ulukka i Loen i slutten av april.

Etter ulukka vart det innført mellombels forbod mot luftsport frå Hoven. Dette er no oppheva.

– Vi har ikkje funne feil som tilseier at det burde stengast permanent. Det er ein risiko ved all type luftsport.

Speedgliding er ei eiga grein i luftsporten. Ein speedglider kan minne om ein paraglider, men skjermen er mindre for at det skal vere mogleg å fly fortare.

Ingenting kriminelt

Etterforskinga held fram, men endelege konklusjonar er framleis ei stund unna.

– Dette er dei førebelse rapportane, og me ventar på dei endelege rapportane, seier Hvattum.

Men han understrekar at dette er ei undersøkingssak. Ingen kan vente seg straff, seier Hvattum.

Norges Luftsportsforbund er samd i det rapporten seier. Dei var i Stryn og jobba saman med politiet.

– Vi har funne feil ved innstillingane på utstyret som nok har medverka til hendinga, seier Trond Nilsen, fagsjef for hang-, para- og speedgliding.

Nilsen kallar det for ein alvorleg feil. Han trur utstyret truleg ikkje vart kontrollert grundig nok før flyginga.

Samarbeid med luftsportsmiljøet

– Ut frå det vi har høyrt har vedkomande kome i kontakt med gondolen, og delar av utstyret har blitt hengande fast. Vedkomande skal så ha falle ned, sa Lars Røyne ved Hovedredningssentralen til Bergens Tidende.

Eit augevitne fortalde at skjermen på speedglidaren hadde hekta seg fast i kabelen på gondolbana kort tid etter at kvinna sprang ut frå den faste hopplassen like ved stasjonen på toppen av fjellet.