Hopp til innhold

Politiet: Her snappar den unge mannen i 160 km/t

Med 160 km/t på speedometeret tok mannen i tjueåra snapchat-bilete, skreiv tekst og sende. – Livsfarleg, meiner Trygg Trafikk.

Sende snap i 160 km/t

SNAP-BILETE: Dette biletet sende mannen til ein annan person medan speedometeret synte 160 km/t.

Foto: Politiet

Det var i juli i år at den unge mannen sende Snapchat medan han køyrde langt over fartsgrensa.

Då han møtte i Sogn og Fjordane tingrett denne veka fortalde mannen at han var lei og fortvila over ein vanskeleg livssituasjon, og at han tok ein køyretur på riksveg 5 for å klarne tankane.

Personen som fekk biletet vart svært bekymra og kontakta politiet.

Ein politipatrulje tok oppstilling ved vegen og såg den tiltalte køyre forbi ein bil i høg fart. Dei følgde etter han, men valde å ikkje bruke blålys eller sirene.

Svarar til promille

Politiet forklarte i rettssalen at dei ikkje ville skremme eller irritere bilføraren slik at det vart ein farlegare trafikksituasjon. Dei greidde ikkje å ta han att.

Sunnfjordingen fortel at han køyrde bilen sin bak nokre konteinarar på eit industriområde på heimstaden. Politiet fann og arresterte mannen der. Han var ikkje rusa.

Audun Heggestad

DISTRIKTSLEIAR: Audun Heggestad leiar Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Distriktsleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane vert bekymra når han høyrer om hendinga.

– Det er rett og slett livsfarleg. Når ein brukar telefonen mens ein køyrer bil kan det vere det same som å køyre med 0,8 i promille. Då er merksemda på heilt feil plass, seier han.

Køyrde utan førarkort

Snapchat-biletet mannen sjølv tok av speedometeret vart var eit vesentleg bevis i rettssaka mot han. Han hadde verken førarkort eller bilskilt.

Mannen var også tiltalt for dokumentforfalsking etter at han bytte bilskilt med ein annan bil i februar.

Aktor Erling Melvær og advokat Stig Nybø

STRAFF: Aktor Erling Melvær (t.v.) vil ha sunnfjordingen i fengsel. Det er for strengt, meiner forsvarar Stig Nybø.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Aktor Erling Melvær la ned påstand om 30 dagar i fengsel utan vilkår, og at han mister førarkortet i ytterlegare 24 månadar.

Det meinte forsvarsadvokat Stig Nybø var altfor strengt.

Han peikte på at politiet ikkje kunne bevise kor fort sunnfjordingen faktisk køyrde. Det var ikkje gjort verken målingar eller utrekningar av farten.

– Straffeskjerpande

Sunnfjordingen sa at bilen var så gammal at speedometeret sannsynlegvis var feil. Dessutan hadde han bytta dekk på bilen som var mindre enn dei originale. Dermed ville det sjå ut som bilen gjekk raskare enn den faktisk gjorde, meinte han.

– Det er straffeskjerpande at han sende bilete av speedometeret sitt, seier aktor Melvær.

Forsvarar Nybø meiner mannen bør få ei mildare straff. Trass i biletbeviset.

– Ja, og det kan vere farleg å ta bilete medan du køyrer. Men det er det same som å prate i mobiltelefon. Og du hamnar ikkje i fengsel av å rote med mobilen.

– Men biletet syner at han var langt over fartsgrensa?

– Ja, det er rett nok. Men han meiner at speedometeret viser feil.