Det stadfestar NRK sine kjelder i saka. Tre brør er sikta for å ha tent på hotellet.
– Eg høyrde ingen brannalarm. Det var inga varsling som gjekk. Eg var oppe på toalettet mellom 02.30 og 03.00, og det var heilt stille i bygda. Så det hadde eg høyrt viss hotellalarmen hadde gått, seier Ola Hove, som bur nært hotellet og var vitne til brannen.
- Les òg:
Natt til 25. november i fjor brann Selje Hotel. Seks dagar etterpå arresterte politiet tre svenske brør, som har eigd og drive hotellet dei siste tre åra. Politiet sikta trioen for forsikringsbedrageri og for å ha tent på hotellet med vilje.
Spesialetterforskarar frå Kripos blei raskt kopla inn, og politiet har halde korta tett til bringa under etterforskinga. Men NRK har snakka med ei rekkje aktørar rundt brannen i Selje Hotel:
- Etter det NRK kjenner til var brannvarslingsanlegget i hotellet – både alarmklokkene inne og ute – av under brannen. Det kan skuldast teknisk feil eller at anlegget var skrudd av.
Branndørene stod opne
Det stemmer også med observasjonane til dei mange vitna til brannen. Ola Hove og naboane rundt Selje Hotel høyrde nemleg ingen alarmklokker:
– Det alle har høyrt, er det same som meg: ein kraftig smell, som mest sannsynleg var eternitt-taket ned nedsida av hotellet som small opp, fortel Hove.
- Etter det NRK kjenner til stod dei to branndørene i kvar ende av romfløya opne under brannen. Det gjorde at elden kunne spreia seg til resepsjonen, og at brannen i romfløya fekk meir oksygen, noko som gav næring til flammane.
Besøkte Selje halvanna veke før brannen
– Eg kan ikkje gå inn på konkrete opplysningar i saka, seier politiadvokat Magnus Engh Juel:
– Grunnen er omsynet til etterforskinga, som er inne i ein viktig fase. Me skal dei komande vekene avhøyra mellom andre dei sikta.
- Politiadvokat Engh Juel ønskjer heller ikkje å kommentera ein annan opplysning som NRK kjenner til, nemleg at minst to av dei tre sikta brørne var komne frå Stockholm til Selje 14. og 15. november, altså halvanna veke før brannen.
Før hotellet blei vinterstengd 1. november hadde dei samla inn hotellnøklane til dei tilsette. Under besøket i Selje ti dagar før brannen samla dei inn også nøkkelen til den siste av dei tilsette.
Sjekkar bomstasjonar og mobilar
Sentralt i etterforskinga til politiet er å finna bevis for om ein eller fleire av dei sikta var i Selje rett før og under sjølve brannen. Det er eit omfattande og tidkrevjande arbeid, fordi politiet mellom anna må kontrollera mykje datainformasjon frå til dømes bomstasjonar og mobiltelefonar.
Dette kan bli avgjerande for ein eventuell tiltale, og kan gi svar på om dei sikta eventuelt skal ha tent på hotellet sjølve, om dei har bestilt brannen eller på ein annan måte medverka til ugjerninga.
Politiadvokaten ønskjer ikkje å kommentera dette.
Meiner å ha alibi
Dei sikta, som er varetektsfengsla, har nekta straffskuld. Etter det NRK kjenner til meiner dei tre å ha gode alibi for at dei var i Stockholm i tida før og under brannen.
Det 40 år gamle Selje Hotel var ein institusjon både for bygda Selje og for turismen kring Stad. Men dei siste åra har hotellet hatt skral økonomi, med store årsunderskot både under dei gamle og nye eigarane.