NRK Meny
Normal

Letta over tilståing

Ordføraren i Selje, Stein Robert Osdal, er letta men ikkje overraska over tilståinga som kom etter brannen på Selje Hotel.

Montasje: Selje Hotell og ordførar Stein Robert Osdal (KrF)

GODT MED AVKLARING: Seljeordførar Stein Robert Osdal (Krf) seier det er trist, men godt at dei no har fått ei avklaring.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes/Sondre Dalaker / NRK

– Vi har vel hatt kjensla av at det var slik det kom til å gå. Men det er trist å få denne konklusjonen, seier Osdal.

Måndag kom det fram at den daglege leiaren ved hotellet i november køyrde ein ærend frå Sverige til Selje for å setje fyr på hotellet. Forsvararen til mannen ville ikkje kommentere kvifor han sette fyr på hotellet.

Mange rykte

Osdal seier det er trist, men godt å ha ei avklaring.

– Det er har gått mykje rykta på bygda om at det var slik det skjedde. Dette er ei stadfestinga av det, men eg trur at det som dei fleste i Selje no tenker på er korleis vi skal få bygt hotellet opp igjen. Og det er noko vi framleis ikkje har fått løyst, seier Osdal.

Kva tilståinga eventuelt kan få å seie for arbeidet med å få bygt opp igjen hotellet er Osdal usikker på.

– Vi er framleis inne i ei juridisk sfære som er svært vanskeleg å forhalde seg til. Vi har eit forsikringsselskap og ein bank, vi har og eigarar av hotellet som framleis ikkje har tilstått. Det er framleis svært mykje å skulle forhalde seg til, slik at prosessen må nok gå sin gang, seier Osdal.

Krevjande

For turistkommunen Selje er det svært krevjande at dei no går mot ein sommar utan hotelltilbod i kommune.

– Det er svært krevjande fordi hotellet har vore berebjelken for turistsatsinga i kommunen. Vi opplever no at også næringslivet har problem med å gjennomføre forretningsbesøk og andre overnattingar, slik at det er ein svært krevjande situasjon Selje har kome opp i, seier Osdal.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser