Skal ha dopa ned kvinne før gruppevaldtekt

Kvinna hevdar ho vart dopa ned før ho var valdteken av tre menn. I dag var to av mennene som er brør varetektsfengsla i ytterlegare fire veker.

Forsvarar Robert Fonn

VALDTEKT: Handlinga kvinna har vore utsett for er svært grov svært, seier bistandsadvokat Robert Fonn.

Foto: Arve Uglum

Den grove gjengvaldtekta skal ha skjedd i eit privathus i Sogn i februar i år. Saka vart meld til politiet i starten av april.

I juni vart tre utanlandske menn arresterte og sikta for grov valdtekt . Kvinna hevdar ho vart gjengvaldteken av dei tre mennene etter at dei hadde dopa ho kraftig ned.

– Saka er svært grov, seier Robert Fonn som er kvinna sin bistandsadvokat. Han fortel at kvinna rosar politiet sin jobb og at ho er svært takksam for at saka blir prioritert.

Louis Anda forsvarer ein av brørne.

– Han avviser at han har delteke i ei valdtekt. Slik saka har vore framstilt, er det heller ikkje snakk om ei gjengvaldtekt, seier Anda.

Ingen av dei tre mennene erkjenner straffskuld.

To av mennene har vore varetektsfengsla sidan juni. Den tredje sit ikkje lenger i varetekt, men han er framleis sikta for grov valdtekt.

Dei to brørne bad i dag om å bli lauslatne, men det ville ikkje domaren ha noko av. Retten fryktar at dei skal rømme frå landet. Varetektsfengslinga vart forlenga med fire veker.

– Varetektsfengslinga vil bli anka, seier Louis Anda.

Etterforskinga er sluttfasen og planen er at saka blir send vidare til statsadvokaten i byrjinga av oktober. Dersom det blir teke ut tiltale, er rettssaka planlagt til desember eller tidleg på nyåret 2019.