Hopp til innhold

Drysser millionar over dykkarklubbane som samlar plast

FLORØ (NRK): Alt fokuset på plast i havet gjer at dykkarklubbar over heile landet no får økonomi til å kjøpe seg nytt utstyr.

Dykkar i Florø Froskemannsklubb

NYTT UTSTYR: Dykkarane i Florø Froskemannsklubb får finansiert nytt utstyr ved hjelp av pengane dei får gjennom ryddeaksjonen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

No har vi nett kjøpt oss ein ny båt, som vi skal byrje å bruke ut på våren, seier Frank Sæthre i Florø Froskemannsklubb.

Dei er ein av mange dykkarklubbar rundt om i landet som er med på ein nasjonal dugnad for å rydde havet. Dykkarklubbane tek eit krafttak for å forsøkje å rydde mest mogleg plast frå havbotnen.

Sparebankstiftelsen DNB gir 15 millionar kroner over fem år til dykkarklubbar over heile landet, for at dei skal leite etter plast og anna skrot under havoverflata.

– Det handlar vel først og fremst om samfunnsansvar. Vi har berre eitt hav, og det må vi ta vare på. Når vi då først er under vatn, kan vi jo hente opp ein del ting som ikkje er så lett for andre å få tak i, seier Sæthre.

Frank Sæthre i Florø Forskemannsklubb

NØGD: Frank Sæthre i Florø Froskemannsklubb er svært nøgd med ryddeaksjonen som dykkarane er med på.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Og allereie har dykkeklubben i Florø vore ute på eit par ryddeaksjonar i år.

– Vi finn alt mogleg her nede. Gamle bildekk, plastflasker, og mykje fiskeutstyr, seier, Sæthre.

– Har eit mål om å rydde 50 tonn

Generalsekretær i Norges dykkeforbund, Sølve Stubberud, seier at ryddeaksjonane har gitt ein skikkeleg positiv effekt på aktiviteten til dykkeklubbane rundt om i landet.

– Opplæring av dykkarar vil framleis vere hovudaktiviteten vår, men det er nesten som om det å rydde i havet har blitt like viktig for oss. No er det meir enn 80 klubbar med på ryddeaksjonen, seier Stubberud.

SJÅ TV-SAK: Dykkarklubbar over heile landet er no med på ein nasjonal aksjon for å rydde havet for plast. (FOTO/REDIGERING: ARNE STUBHAUG/NRK)

Dei 15 millionane dykkeforbundet har fått til aksjonen skal gå til å finansiere ryddeutstyr, men har også enda opp med å finansiere mykje meir.

– Vi gir pengegåver til dei klubbane som er med på aksjonen. Det har finansiert nye båtar, kompressorar og anna dykkeutstyr som dei treng for å dykke.

– Eit enormt problem

Forskar Alf Kleiven ved Havforskingsinstituttet er svært begeistra over arbeidet dykkarklubbane gjer for å rydde plast i havet.

– Det er veldig mykje plast i havet no, og det er eit enormt problem både globalt og her i Norge, seier Kleiven.

Han forklarer at mykje av plasten i havet kjem ifrå fiskarar, både yrkesfiskarar og fritidsfiskarar.

Alf Kleven

STORT PROBLEM: Alf Kleiven i Havforskingsinstituttet seier at plast i havet er eit stort problem.

Foto: Per Kåre Sandbakk / NRK

– Ei teine som er laga av plast er eit problem av to grunnar: den driv med «spøkelsesfiske» og drep mykje fisk om ho blir liggande. Og til slutt blir plasten til mikroplast, som vil hamne i økosystemet vårt. Det er eit stort problem, seier Kleiven.

Dykkarane føler at dei utgjer ein skiland

Og sjølv om det er avgrensa kva ein dykkarklubb kan gjere, føler dei at dei er med på å utgjere ein skilnad med arbeidet sitt.

– Vi har jo fullt opp fleire konteinarar med plast berre på enkeltdagar. Når vi får det opp på land ser det kanskje ikkje så mykje ut, men vi ser faktisk at det har blitt reinare i havet når vi fer ned att.