Hopp til innhold

P3 meiner han har laga årets beste plate

Med sognerap har namnet Kjartan Lauritzen hamna på radaren til det norske folk. No har musikkmeldarane trilla terningen for den musikalske villbassen.

Kjartan Lauritzen

FREDAGSKONGEN: Publikum kan «Fredag» på rams. No er sognerapparen ute med ny EP.

Foto: Øystein Torheim

Juli 2017: Kjartan Lauritzen stuper mot publikum på Malakoff. Dette har han drøymt om lenge. Beklagar til deg som nettopp fekk 95 kilo på deg, roper rapparen. Publikum tar meir enn gjerne imot.

Han er krona til fredagskongen etter låten «Fredag». Med rap på Balestrand-dialekt har Per Áki Sigurdsson Kvikne blitt ein kjent og kjær person for det norske folk gjennom artistnamnet Kjartan Lauritzen.

No er han ute med sin tredje EP «Fenomenet». Musikkmeldarane har tatt like euforisk imot balestrendingen som publikum gjorde den julikvelden han stupte mot dei. Terningane er trilla til både fem og seks.

– Det er ikkje mange som har meldt musikken min før, så då blir ein nervøs for kva dei tykkjer om musikken. Dei likte det, og det er jo kjekt, gliser Sigurdsson Kvikne.

Han legg ikkje skjul at han er opptatt av kva folk tenker om musikken når NRK møter han under musikkfestivalen Vill Vill Vest i Bergen.

– Når du får dårlege tilbakemeldingar, så seier du at dei ikkje betyr noko, men når du får gode er det plutseleg veldig viktig. Det er jo ei anerkjenning frå høgare hald at ein gjer det bra.

Kjartan Lauritzen og terningkast 6

FENOMENAL: P3 trilla terningen til ein sekser for Kjartan Lauritzen sin tredje EP «Fenomenet».

Blir hylla opp og ned i mente

Rapparen har spelt for fulle hus i heile sommar. Reist frå festival til festival. Fleire har brukt ordet fenomen om 22-åringen.

– Det er veldig rart at nokon andre kallar deg for fenomen når du sit heime og føler deg som ein vanleg gut.

Sigurdsson Kvikne har blitt hylla opp og ned i mente. Både for sine slåande songar og for å få golvet til å nesten rase saman når han held konsert. Då fann han ut at han like greitt kunne lage musikk om korleis er det å vere eit fenomen.

– «Fenomenet» handlar om mine kjensler om å bli ein artist. Det er mine synspunkt på dette livet.

Kjartan Lauritzen

PER OG PUS: Per Áki Sigurdsson Kvikne ser på bilete av han og katten i ein reportasje i Dagens Næringsliv.

Foto: STIAN SJURSEN TAKLE / NRK

– Lykkeskalaen er sprengt for lenge sidan.

No ventar fleire dagar på vegen. 18 mann skal saman reise frå by til by i ein svær buss. Dei skal innom utsolgte hus og store konsertar i dei største byane. Med på laget er broren Theodor Sigurdsson Kvikne.

– Det blir heilt sjukt. Vi har gleda oss i vekevis, og det ser ut til at siste konserten i Oslo blir utselt.

Han har følgt broren tett og står bak spakane som DJ. Dei høge terningkasta til «Fenomenet» gjer han til ein stolt storebror.

– Eg er først og fremst ganske rørt. Eg er imponert over kva veslebroren min får til.

Saman skal dei hoppe, danse, spele, hoppe mot publikum og rappe seg vidare i Noreg.

– Lykkeskalaen er sprengt for lenge sidan. Du kan ikkje oppleve noko kjekkare. Vi lever livet, seier brørne samstemt.

Kjartan Lauritzen

UT PÅ VEGEN: Per Áki Sigurdsson Kvikne og Theodor Sigurdsson Kvikne skal reise frå by til by dei neste dagane.

Foto: STIAN SJURSEN TAKLE / NRK