Hopp til innhold

Nær 10 prosent av innbyggjarane krev ny folkerøysting

Nær 10 prosent av innbyggjarane i Vågsøy har skrive under opprop om folkerøysting. Eit halvår etter at Kinn kommune vart velsigna av Stortinget.

Egeberg folkeavstemning

FOLKEKRAV: Fredrik Egeberg har fått med seg omlag 550 vågsøyværingar på å krevje folkerøysting om nye Kinn kommune.

– Det er kjempeflott! Eg håpar vi får mange, mange fleire underskrifter, seier Fredrik Egeberg frå Måløy.

Fredrik Egeberg

NØGD: Fredrik Egeberg sin underskriftsaksjon har på to dagar fått over 500 underskrifter.

Foto: Privat

Underskriftsaksjonen han oppretta på onsdag har fått omlag 550 underskrifter fredag ettermiddag.

Det er nesten nøyaktig eit halvt år sidan Stortinget velsigna samanslåinga av Vågsøy og Flora til Kinn kommune.

– Folk må få seie meininga si

– Folk i kommunen må få lov til å vere med å bestemme. Det er lettare å slå seg til ro med ei avgjerd om vi det minste har fått sagt meininga vår, seier Egeberg.

– Men folk vart jo spurt om meininga si i ei spørjegransking i mars. Kvifor er ikkje det godt nok?

– Dei som vart spurt gav eit veldig tydeleg signal om at dei ikkje ønska samanslåing. Kommunestyret valte å sjå vekk frå det. Det hjelper ikkje å ringe rundt å spørje, viss dei ikkje lyttar til svaret.

Jusprofessor: – Lite lurt å avskjere debatt

Jussprofessor Jan Fridthjof Bernt

EKSPERT: Jusprofessor Jan Fridthjof Bernt seier kommunestyret sjølv bestemmer om dei vil ta opp att saka.

Foto: NRK

Underskriftsaksjonen er eit såkalla innbyggjarinitiativ. Får det nok underskrifter er kommunestyret plikta til å ta opp saka. Med mindre same saka allereie har vore handsama i same valperiode.

Det forklarar jusprofessor Jan Fridthjof Bernt i Bergen.

– Det betyr at kommunestyret ikkje har plikt til å ta denne saka opp til handsaming. Men lova seier at kommunestyret sjølv må ta stilling til om dei vil avvise saka på det grunnlaget.

– Kommunestyret kan godt seie at: "ja, dette er same saka som vi handsama før, og vi har inga plikt til å ta den opp på ny. Men no ønskjer vi likevel å ta ein ny diskusjon om vi skal ha folkerøysting".

– Vil du meine noko om kva Vågsøy kommunestyre bør gjere?

– Det er ei politisk og ikkje ei juridisk vurdering. Det vil eg ikkje kaste meg ut i. Men viss det er mykje uro om ei slik sak, så er det like greitt å la folk kome til orde. Det å bruke formelle argument for å avskjere debatt om spørsmål som folk er sterkt engasjert i, er sjeldan lurt.

– Treng ro og fred

Tove Lill Refvik Volle

NEI TIL FOLKERØYSTING: Leiar Tove Lill Refvik Volle i Vågsøy Ap meiner Kinn blir god å leve i. Sjølv utan folkerøysting.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Blant dei underteikna er Kjell Heggen, Ap-veteranen som nyleg melde seg ut i protest.

Også kommunestyremedlem for Raudt, Geir Oldeide, har signert. Han har tidlegare teke til orde for folkerøysting.

Tove Lill Refvik Volle er leiar i Vågsøy Arbeidarparti. Ho har ikkje diskutert saka med sine partifellar, men er sjølv innstilt på å seie nei.

– Fordi vi har eit vedtak i kommunestyret på at vi ikkje skulle ha folkerøysting.

– Vi har veldig mykje bra i Vågsøy. Og veldig mykje bra i Flora. Vi skal dra det beste ut av begge dei to, og byggje ein kjempegod kommune. Kinn blir god å leve i, seier ho.

– Får vi ei avrøysting slik at folk blir høyrde, trur eg at vi får ro og fred etterpå. Det hadde vore det beste, uansett utfall, seier Fredrik Egeberg.