Hopp til innhold

Ørjar satsar gard og grunn for å stogge oppdrettsanlegg

TORVUND/HØYANGER (NRK): På måndag skal småbonde Ørjar Nydal møte i Oslo tingrett. Han satsar alt han eig på eit søksmål mot Staten og Fiskeridirektoratet for å stogge oppdrettsanlegg.

Ørjar Nydal

KLAR TIL KAMP: Medan arbeidet med det nye oppdrettsanlegget allereie er i gang, gjer Ørjar Nydal seg klar til rettssak og kamp mot Osland Havbruk sine planar i Torvundvika.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg har ikkje råd til å betale tre advokatar, om eg ikkje trur at eg kjem til å vinne. Då må eg ha ein god sjanse, og det har eg. Eg trur at eg kjem til å vinne, seier Ørjar Nydal.

På Torvund i Høyanger kommune vil oppdrettsselskapet Osland havbruk byggje eit nytt anlegg med oppdrettslaks, og arbeidet tok til i går.

Samtidig førebur grunneigar Ørjar Nydal seg på ein omfattande rettssak mot Staten ved Fiskeridirektoratet. Han saksøkjer dei fordi han meiner løyvet dei har gitt er ugyldig.

– Vi vil ikkje ha dei her, det er det ingen i bygda som vil, men vi har ikkje vunne fram. Då har vi kome til at einaste løysing er å gå til søksmål, hevdar Nydal.

Ørjar Nydal

STORE PLANAR: Ørjar Nydal vil vinne ut støypesand frå dette sandtaket.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Held fram som normalt

Dagleg leiar i Osland havbruk Erik Osland avviser kritikken frå Nysdal. Han seier at dei ikkje tek omsyn til rettssaka som byrjar på måndag når dei no tek til med arbeidet med å få i stand anlegget.

– Vi har fått løyve til å drive eit havbruk, og då gjer vi jo sjølvsagt det. Om ikkje vi hadde bygd her, hadde nokon andre gjort det, seier Osland.

Leiar i naturvernforbundet Silje Ask Lundberg seier at dei gir si støtte til motstanden, men at det ofte er vanskeleg å vinne fram når ein protesterer mot bygging av oppdrettsanlegg.

– Vi ser diverre alt for ofte at oppdrettsnæringa får lov til å dure fram slik dei sjølve vil. Det har å gjere med at maktbalansen er slik at dei sterke næringsinteressene i oppdrett veldig ofte vinn fram.

Silje Ask Lundberg

KRITISK: Leiar i naturvernforbundet Silje Lundberg er kritisk til veksten i oppdrettsnæringa

Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / NTB scanpix

Fiskeridepartementet avviser kritikken

Kvart år er det mange som klagar på bygging av oppdrettsanlegg, men statssekretær i fiskeridepartementet Roy Angelvik avviser at næringa får fortrinn framfor andre interesser.

– Oppdrettsnæringa er fantastisk bra for Norge, og har vore eit løft for kysten vår. Når det no er vekst i den næringa vil det kunne oppstå konfliktar, men eg har ikkje inntrykk av at havbruksnæringa vinn fram oftare enn andre i desse konfliktane.

Roy Angelvik

STEMMER IKKJE: Statssekretær i fiskeridepartementet Roy Angelvik avviser at oppdrettsnæringa går framfor andre næringar eller interesser.

Foto: Ole Christian Olsen

Trur han vil vinne fram

Sjølv om Osland held fram som planlagt, trur Nydal at han vil vinne fram før anlegget er klart til bruk.

I søksmålet hevdar Nydal at fiskeridirektoratet ikkje har lagt nok vekt på konflikten oppdrettsanlegget har med hans eigne planar om å vinne ut støypesand frå eit stort sandtak som ligg i området rundt garden hans.

– Det er det største og viktigaste sandtaket i kommunen, og for å tene pengar på det lyt eg ha moglegheit til å frakte sanden ut med båt. Det er klin umogleg om dei byggjer oppdrettsanlegg i vika her.