NRK Meny
Normal

Opprettheld terror-beredskapen i helga

Væpna politi vil vere synlege på flyplassane, arrangement og andre stader med mykje folk i dag og i helga.

Væpna politi i Førde
Foto: Oddleif Løset / NRK

Jørn Lasse Refsnes

Politiadvokat Jørn Lasse Refsnes seier folk vil sjå væpna politi fleire stader i fylket i helga.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Politiet har auka beredskapen etter terrortrugsmålet mot Norge blei kjent i går. Politiadvokat Jørn Lasse Refsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier dei auka bemanninga og har fokus på terrorberedskap.

– Vi har hatt ein del væpna mannskap ute her som i andre politidistrikt. I helga held vi fram same beredskapen.

– Blir det fleire folk på jobb denne helga enn ei vanleg helg?

– Ja, det blir fleire enn vanleg, men eg kan ikkje seie kor mange, seier Refsnes.

I Flåm og på Fosshaugane

Førebels er ingen i politiet kalla heim frå ferie, men det er sendt ut varsel til relevant personell slik at politiet har oversikt over kven som kan komme om det skulle bli naudsynt.

Politiet vurderer fortløpande om kvar dei oppheld seg. Det er stader der det er mykje folk som blir prioritert.

– Vi ser ut dei stadene der det er fornuftig å vere synleg. Dette vil variere. Vi er til dømes ved Flåmsbana og cruisehamnene og i periodar innom dei fire flyplassane. Vi er også til stades under Sogndal-kampen på Fosshaugane søndag.

Også Utkantfestivalen ved Skjerjehamn i Gulen har hatt fleire politi innom enn vanleg.

Ber folk vere merksame

Sjølv om mange har blitt skaka opp og er engstelege etter meldinga frå PST kom torsdag, har ikkje politiet i Florø merka noko stort press på sentralbordet.

– Nei, det har vi ikkje. Oppmodinga frå oss i politiet er at folk ikkje må vere engstelege eller urolege sjølv om dei ser væpna politi. Lev livet slik du utgangspunktet har tenkt å gjere. Men det er greitt at folk er merksame og at dei tek kontakt om dei ser noko unormalt, seier han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå