Hopp til innhold

Slik blir beredskapen auka i Sogn og Fjordane

Etter framlegginga av trusselbiletet blir det gjennomført ekstratiltak i Sogn og Fjordane. Mellom anna vil folk kunne sjå væpna politi i fylket.

Væpna politi i Førde

PATRULJERT: Væpna polititenestemenn har i ettermiddag patruljert Førde sentrum.

Foto: Oddleif Løset / NRK

NRK Sogn og Fjordane oppdaterer saka.

Personar med tilknyting til ei gruppe i Syria har planar om å gjennomføra ein terroraksjon i Noreg i løpet av få dagar, opplyser PST-sjefen på ein pressekonferanse torsdag.

PST vurderer trugsmålet som uspesifikt, men truverdig.

I samband med dette aukar også beredskapen i Sogn og Fjordane.

Jørn Lasse Førde Refsnes

FRYKT: Politiadvokat Jørn Lasse Refsnes oppmodar folk om å ikkje vere engstelege sjølv om Norge står overfor ein terrortrussel.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Vi har fleire folk ute utover ettermiddagen i dag. Enkelte vil også observere væpna politi, men det er på bakgrunn av den generelt auka beredskpaen og ikkje noko konkret haldepunkt for at vi har hendingar i Sogn og Fjordane, seier politiadvokat Jørn Lasse Refsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Aukar beredskap på cruisekaiene

Fungerande politimeister i Sogn og Fjordane politidistrikt, Bjørn Larsen, fortel at politiet følgjer det planverket dei har og dei retningslinene dei blir pålagt frå sentralt hald, knytt til auke i beredskapen.

– Til å byrje med vil ikkje innbyggjarane merke så mykje til det. Der er ikkje noko konkret retta inn mot Sogn og Fjordane, men vi vil auke tilstedeværelsen på enkelte punkt, seier Larsen.

Larsen fortel at det er særskilt på trafikknutepunkt beredskapen vil bli auka. Det betyr at politiet mellom anna blir meir synlege i cruisehamnene i Sogn og Nordfjord.

– Det kan knytte seg til internasjonal trafikk, cruiseanløp og den typen ting. Men eg kan ikkje gå inn på korleis vi jobbar konkret, fortel han.

Den fungerande politimeisteren fortel at politiet i fylket er i ferd med å byggje opp beredskapen, og at dei ikkje har visst om situasjonen lenge.

– No har vi ein gjennomgang på kor vi skal auke tilstedeværelsen. Dette er ein situasjon som kan endre seg etter kvart som vi får oppdatert informasjon, seier Larsen.

– Korleis skal innbyggjarane oppføre seg i denne situasjonen?

Politihuset i Florø

AUKAR BEREDSKAPEN: Fungerande politimeister i Sogn og Fjordane politidistrikt, Bjørn Larsen, fortel at politiet aukar beredskapen på trafikknutepunkt.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Politidirektøren sa på pressekonferansen at det ikkje var grunnlag for å legge restriksjonar på korleis ein oppfører seg, men ein skal vere årvakne. Det er eit råd som står seg. Frykt skal ein ikkje ha, men ein skal vere årvakne, seier Larsen.

Politiadvokat Refsnes oppmodar innbyggjarane om å ikkje vere redde.

– Det er sjeldan slikt skjer, men politiet sin bodskap er at folk ikkje skal vere redde og engstelege. Livet kan levast som normalt, seier han.

Har levert anløpslister

Hamnesjef ved Aurland hamn, John Erik Johnsen, fortel at dei har fått beskjed om å gjennomføre tiltak med bakgrunn i terrortrusselen.

– Vi har fått beskjed om å levere våre anløpslister til politiet, seier han.

Hamnedirektør ved Nordfjord Havn, Trond Garshol, har ikkje fått beskjed om å auke tryggleiksnivået.

– Om vi skal auke tryggleiksnivået må vi få beskjed om det frå politiet eller Kystverket, men det har vi ikkje fått, seier han.

Seinare på ettermiddagen sendte Kystverket ut pressemelding om at sikringsnivået blir heva ved alle hamner i Norge.

Må vere tilgjengelege

Fungerande distriktssjef i Sivilforsvaret i Sogn og Fjordane, Leiv Jarle Bergheim, fortel at dei har litt høgare beredskap enn vanleg.

– Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har sett stab i Tønsberg, og vi skal følgje med på det som skjer der via eit kommunikasjonssystem. Det er eit system som staten brukar ved aksjonar, altså eit logg- og hendingssystem. I tillegg skal vi vere tilgjengelege på telefon heile døgeret, fortel han.

Sivilforsvaret i Sogn og Fjordane har elles ikkje utvida beredskap.

– Slik situasjonen er no blir det ikkje noko utvida beredskap, om ein tenkjer på styrkane våre ute, seier Bergheim.

Flytrafikken går som normalt

På lufthamnene i fylket har dei innført interne tiltak som ikkje vil påverke dei reisande.

– Vi har innført dei interne tiltak som Luftfartstilsynet har anbefalt. Dette vil ikkje påverke dei reisande og dei vil ikkje merke noko, fortel lufthamnsjef ved Flora lufthamn, Siv Merete Stadheim.

Flytrafikken frå lufthamnene i fylket vil gå som normalt.

– Både flytrafikken til inn- og utland, samt flygingane offshore vil gå som normalt, seier Stadheim

– Verkar som politiet sit på konkrete opplysningar

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand har ikkje annan kjennskap til terrortruslane enn det han fekk gjennom media og pressekonferansen, som var i Oslo tidlegare i dag. Stensvand er ikkje varsla sjølv enno.

– Det er veldig tidleg. Eg reknar med at vi i løpet av dagen eller i morgon tidleg får ein orientering frå justisdepartementet, fortel han.

Stensvand meiner det verkar som at politiet sit på relativt gode og konkrete opplysningar, og at den innsatsen som skjer no har som formål å avverja at ei slik hending skjer.

Har folk grunn til å bli uroa, som innbyggjarar i Sogn og Fjordane?

– Det er politiet som må svare på. Eg kan berre spekulere i at vi ikkje er det fylket der trusselen er størst. Ein slik trussel vil prøve å skape mest mogleg merksemd mot symbolbygg og personar, og då er vel ikkje Sogn og Fjordane mest utsett i så måte, seier han.