Hopp til innhold

USA til Noreg-turistar: Ha ein tryggingsplan

Land som USA, Australia og Storbritannia ber statsborgarar som skal reisa til Noreg om å vera ekstra på vakt som følgje av det overhengande terrortrugsmålet.

Sightseeing i Oslo

Mange land oppmodar no borgarar som skal reisa til Noreg om å vera ekstra varsame og merksame på det som skjer rundt seg.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Fleire land har oppdatert sine reiseråd om Noreg etter at norske styresmakter i går gjekk ut med informasjon om at personar tilknytte ei ekstremistisk gruppe i Syria planlegg terror på norsk jord om få dagar.

«Ver ekstra påpasseleg i denne perioden (..) Særleg no, dersom du ser noko trugande, farleg eller urovekkjande, ring politiet på 112», er styresmaktene i USA sitt reiseråd til amerikanske statsborgarar som er i Noreg eller skal hit i løpet av dei nærmaste dagane.

– Dette er ein alvorleg pågåande situasjon, men norsk politi jobbar veldig bra mot denne trugselen, seier tryggleiksansvarleg ved ambassaden Joseph N. Greenawalt til NRK.

Han seier det ikkje er spesifikke trugslar mot amerikanske mål i Norge per no.

Råd frå norsk politi

Joseph N. Greenawalt jr

Tryggleiksansvarleg Joseph Greenawalt ved den amerikanske ambassaden.

Foto: Helge Carlsen / NRK

Norske styresmakter har ikkje forma ut spesifikke råd for turistar i samband med terrortrugselen, opplyser Politidirektoratet.

– Det er dei same råda som gjeld for turistar som for den norske befolkninga og andre. Desse ligg ute på politi.no – også på engelsk, seier seniorrådgjevar Kåre M. Hansen til NRK.

– Me legg til grunn at dei ulike ambassadane oppdaterer seg regelmessig via utanrikstenesta, og at dei som skal vitja eit land sjølv skaffar dei seg naudsynt relevant informasjon, legg Hansen til.

«På eige ansvar»

Canada understrekar at reising til Noreg skjer på eige ansvar og tilrår reisande å utvisa høg grad av aktsemd.

Storbritannia viser også til den underliggande faren for terror og ber folk vera årvakne, medan Australia ber reisande til Noreg om å halda utkikk etter «mistenkeleg åtferd».

Amerikanarane understrekar at norsk politi ikkje veit kvar eller kva tid terroristane vil slå til, og at mange offentlege bygg og arrangement er potensielle mål. Dei oppfordrar Noreg-turistar til å ha ein personlege tryggingsplan, vera obs på omgjevnadene, utvisa høg grad av aktsemd og følgja instruksane frå lokale styresmakter.

– Unngå offentlege stader og kollektivtransport

Den franske ambassaden har sendt ein epost til alle franskmenn i Noreg, der dei opplyser om dei auka tryggleikstiltaka på togstasjonar, flyplassar, hovudvegar, grenseovergangar og offentlege stader.

Dei oppmodar folk til å unngå offentlege stader og kollektivtransport så langt som mogleg, og ber franskmenn som oppheld seg i Noreg rapporterer om mistenkelege hendingar til den franske ambassaden.

Etter det NRK kjenner til er det førebels ingen land som har gått ut med åtvaringar mot å reisa til Noreg.

SISTE NYTT

Siste nytt