Hopp til innhold

– Sjølv om eg bruker hijab, betyr det ikkje at eg ikkje kan gjere det eg vil

NORDFJORDEID (NRK): Ho liker å syngje. Men då syriske Taghrid Abla (26) ville stå på scena, var det dei i innvandrarmiljøet som meinte ho burde la vere.

Fargespel på Nordfjordeid 2019

BRUKTE HIJAB: Fleire av deltakarane under førestillinga Fargespel på Nordfjordeid stilte i hijab på scenen. Det vart ikkje like godt mottatt av alle.

Foto: Svein Nesbakk

På scena i Operahuset på Nordfjordeid står 90 barn, unge og vaksne frå 16 land klare til å synge og danse for publikum. I fleire månader har dei øvd på dette, på å stå på denne scena.

For enkelte har det kravd ekstra mot.

Taghrid Abla er 26 år, muslim og kjem frå Damaskus i Syria. Ho kom til Eid for tre år sidan, saman med mann, barn, mor og søsken.

Ho liker å syngje. Når framsyninga «Fargespel» skal setjast opp, vil ho vere med. Frå scena syng ho ein tradisjonssong frå Syria som ho er glad i.

– Eg er stolt av heimlandet mitt, og eg ville vise fram våre tradisjonar gjennom song og musikk. Og det var fint å bli kjent med andre frå mange forskjellige land.

Men ikkje alle såg positivt på framføringa, på at ho – med hijab – skulle stå på ei scene og syngje for publikum.

– Det var litt trist å høyre negative ting, eg blei lei meg. Mange var positive, men fleire syntest òg det var negativt.

Endring må kome innanfrå

Ho er ikkje aleine om å ha opplevd ei negativ form for sosial kontroll i Eid. Leiar i flyktningtenesta Rune Engeseth seier det har kome fleire flyktningar til kommunen dei seinare åra og at dei då har sett fleire tilfelle i innvandrarmiljøet.

– Det kan vere måten ein går kledd på, ting ein seier, ting ein meiner. Det dreier seg ikkje om den mest ekstreme sosiale kontrollen, som tvangsekteskap og omskjering, meir den daglege kontrollen.

Engeseth seier det ikkje handlar om vond vilje, men om haldningar, tradisjonar, kultur, tru som sit i ryggmergen og som krasjar i møte med ein tankegang der retten til å bestemme over seg sjølv står sterkt.

– Vi ser det i miljøa, at dei som kanskje er litt tidleg ute og prøver å nærme seg den norske kulturen kan få negative tilbakemeldingar frå dei som vil halde på kulturen.

Flyktningtenesta sin grunnstein er å snakke om temaet i miljøa. Lysta til å gi større fridom til å bestemme sjølv, må komme innanfrå, meiner dei.

Viktig å utfordre haldningar

Ingrid Smette er forskar ved NOVA på OsloMet. Ho har mellom anna forska på minoritetsforeldre i Noreg. Smette understrekar at sosial kontroll finst overalt i samfunnet, og at det trengst for at normer skal bli følgde og samfunnet fungere.

– Når ein snakkar om negativ sosial kontroll no, er det særleg knytt til ein del minoritetsmiljø og den kontrollen som går på å avgrense barn, ungdom og særleg jenter sin moglegheiter å utfalde seg og finne ut kven dei vil vere, seier Smette.

Kor utbreidd negativ sosial kontroll er i innvandrarmiljø er vanskeleg å talfeste, også fordi fenomenet er vanskeleg å definere.

Ingrid Smette

FORSKAR PÅ MINORITETSMILJØ: NOVA-forskar Ingrid Smette har mellom anna gjort forsking der ho har intervju minoritetsforeldre.

Foto: StudioVest/HiOA

– Men vi veit at både gutar og jenter, men særleg jenter frå minoritetsmiljø, oppsøker hjelp fordi dei opplever seg kontrollerte, seier NOVA-forskaren.

Å leve i krysspresset mellom minoritetssamfunnet og storsamfunnet, kan vere vanskeleg for både barn og foreldre, men det finst stader å oppsøkje.

– Myndigheitene har oppretta tiltak, som minoritetsrådgjevarar. Det finst telefonar der ein kan søke hjelp om ein lever i ein situasjon som er vanskeleg. Det ein har sett dei seinare åra med «dei skamlause jentene», er eksempel på ungdom frå miljøa som vil ta eit oppgjer med det dei opplever som ukultur.

Det er viktig å utfordre haldningar som hindrar menneske i å delta i samfunnet på same vilkår som andre, seier Smette.

Støtte frå familien

Taghrid Abla var sikker på at ho skulle syngje under «Fargespel». Andre skal ikkje få bestemme over hennar liv.

– Sjølv om eg bruker hijab, betyr det ikkje at eg ikkje kan gjere det eg vil, seier ho.

Ho har opplevd at rammene er strengare for henne som kvinne, enn dei er for menn. Sjølv har ho støtte frå familien i vala ho tek. Abla håpar at andre kvinner som opplever sosial kontroll vil ha mot til å gjere eigne val.

– Eg har ei melding til kvinner. Du må bli sterk. Du må tenkje at det er livet ditt. Ingen kan bestemme over deg. I Noreg er det fred. Du kan gjere kva du vil, og samtidig ha respekt for kultur og religion.