Hopp til innhold

– Den finaste responsen er jenter som seier, «fordi du tør, så tør eg»

Boka «Skamløs» har hausta lovord frå kritikarane. Nancy Herz, som er ein av forfattarane, håpar den vil hjelpa unge kvinner til å snakka om sosial kontroll.

Nancy Herz

Nancy Herz er aktuell med boka «Skamløs», som ho har skreve saman med Sofia Srour og Amina Bile.

Foto: Thomas Espevik / NRK

– Eg har vore veldig spent på responsen, så det er herleg at den er så god.

Nancy Herz har fått gode tilbakemeldingar på boka ho har skreve saman med Sofia Srour og Amina Bile. Dei tre går også under namnet «De skamløse jentene».

I fleire aviser har dei fått terningkast fem. Bergens Tidende kalla boka for ein bibel for minoritetsjenter, og den blir også samanlikna med feministiske bøker, som den svenske boka "Fittstim", og den norske boka "Råtekst", som kom ut på 90-talet.

– Først og fremst ei opplysningsbok

I boka har dei samla historiene til fleire unge kvinner med minoritetsbakgrunn, som har opplevd sosial kontroll på kroppen.

Skamløs

– Alle historiene i boka er anonyme. Det er ikkje alle som tør eller har moglegheita til å stå fram og fortelja om sine liv, fortel Herz.

Med desse historiene, ynskjer dei å nyansera debatten. I boka møter me kvinner som ikkje våger å gå på byen, eller ta taxi heim, fordi dei er redde for at dei skal bli sladra på. Men det er også historier om kvinner som opplev rasisme, fordi dei går med hijab.

– Negativ sosial kontroll er ikkje berre noko som kjem frå ein kant, seier Herz.

– Det er viktig at me fortel at sosial kontroll er mykje forskjellig, og at det varierer i alvorlegheitsgrad. Og det er viktig at unge menneske får begrepene dei treng for å kunne snakka om det.

For målet er å opplysa.

– Det er viktig å nå ut til dei jentene og gutane som opplev dette. Og til storsamfunnet. Dette er først og fremst ei opplysningsbok.

Sofia Srour (fra venstre), Nancy Herz og Amina Bile

Sofia Srour, Nancy Herz og Amina Bile går også under namnet «De skamløse jentene». I mars i år blei dei tildelt Fritt Ords honnørpris.

Foto: Privat

Møter motstand og hets

Omgrepet «De skamløse jentene» oppstod etter at Nancy Hertz brukte det i eit debattinnlegg i Aftenposten si spalte «Si ;D», i fjor.

Der skreiv ho: «Vi er de skamløse arabiske jentene, og vår tid begynner nå. Vi ser stadig flere jenter fra minoritetsmiljøer som står opp og trosser våre egne.»

I mars i år blei Nancy Herz, Amina Bile og Sofia Srour tildelt Fritt Ords Honnørpris for å ha sett sine eigne dagsordenar i hittil underbelyste debattar om æreskultur, kjønnsroller og sosial kontroll av kvinner i minoritetsmiljø.

Men å delta aktivt i samfunnsdebatten om desse tema, er ikkje berre lett.

– Eg har fått ein del drit, seier Herz.

– Det er tungt å stå i debatten. Det mest belastande er når folk fortel oss at det me fortel ikkje er sant. Og at det me fortel om våre eigne liv ikkje er ekte. Dei prøver å diskreditera oss på den måten.

– Ei trøyst i at andre opplever det same

Men sjølv om ho og dei andre "skamløse jentene", må tola motstand, er det ifølgje Herz, flest positive tilbakemeldingar.

– Den finaste responsen eg får er når unge jenter seier «fordi du tør, så tør eg».

– Dessverre så er det ei trøyst i at andre seier at dette har eg òg opplevd, eg kjenner til dette eg òg. Sjølvsagt skulle eg ønska at ingen opplevde desse tinga, men det er ei lita trøyst i at ein ikkje er åleine, seier Herz.