NRK Meny
Normal

Opna ni kilometer med ny E39

SANDE (NRK): To år og 680 millionar kroner kosta det å byggje ny E39 gjennom Gaular. I dag opna vegen på den sterkt trafikkerte strekninga.

Ny E39 opnar på Sande

OPNING: Slik såg det ut då nye E39 gjennom Gaular vart opna i dag.

Fleire hundre var møtte fram då statssekretær Tom Cato Karlsen opna den nye vegen ved Sandafossen bru måndag føremiddag. I tillegg var det både korpsmusikk og talar frå fleire prominente gjester.

Utanom sentrum

Heilt nøyaktig kunne billistane i dag ta i bruk 9,2 kilometer med flunkande ny E39 mellom Vadheim og Sande. Ved Sande er vegen lagt utanom sentrum, der det eit godt stykke sørover mot Vadheim er bygt heilt ny vegen utanom busetnaden. Lenger sør, ved Økslandsvatnet, er det mellom anna bygt ein tunnel som fjernar eit smalt og rasfarleg område.

– Det er sjeldan at veganlegg er så klart som det er her i dag, seier Svein Reidar Dale, prosjektleiar for vegbygginga.

Svein Reidar Dale

ENDELEG FERDIG: Prosjektleiar Svein Reidar Dale eg nøgd med at vegen no er open for alle.

Foto: Åsta Urdal / NRK

To strekningar

Dale seier at det har vore mange omsyn å ta dei to åra arbeidet har halde på.

– Det er to strekningar som er utbetra, Dregebø – Grytås og Birkeland–Sande. Førstnemnde har vore særs krevjande fordi trafikken har gått samtidig som vi har bygt ny veg. Det har vore lagt opp til stengingar på ein halvtime, og nokre gonger har det vore regulert med lys, fortel prosjektleiaren.

Slutt på venting

Han kan informere om at bilistane ikkje har vore vanskelege å ha med å gjere.

– Dei har forståing. Bilistane aksepterer at dei må vente litt når det skal byggjast betre veg.

No slepp all tungtrafikken som vanlegvis nyttar strekninga å vente særleg mykje lenger.

– No skal vi avdekke nokre skilt og fjerne nokre sperringar, men det er ikkje lenge til trafikken får flyte fritt på den nye vegen, fortel Svein Reidar Dale til NRK kort tid før opninga måndag føremiddag.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.