NRK Meny
Normal

Opna landslinje i skiskyting med fem av seks treff

STRYN (NRK): Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) viste seg svært så treffsikker då han opna landslinja i skiskyting i Stryn tysdag.

Torbjørn Røe Isaksen

PRØVDE BØRSA: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) prikka inn fem av seks skot.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Han noterte seg for fem av seks treff då han fekk prøve seg med eit skiskyttargevær på Ullsheim. Men for stryningane var det nok sjølve opninga av landslinja som var høgdepunktet. For dette er noko det har vore jobba for lenge.

Også skiskyttarpresident Erlend Slokvik var til stades under opninga av den tredje landsklinja i skiskyting i Norge. Han seier tilbodet er viktig.

– For oss er det viktig at vi har gode miljø og gode skuletilbod rundt omkring i landet. Vi har særleg sett kva linja i Meråker har hatt å seie for oss når det gjeld utøvarar som har utvikla seg.

Erlend Slokvik og Eilev Aa Klokk

PRESIDENT OG ELEV: Skiskyttarprseident Erlend Slokvik og Eilev Aa Klokk frå Lillehammer.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / BRK

Slokvik seier det har mykje å seie at talenta får kombinere skule og trening.

– Her får dei ei god utdanning, og dei kan legge grunnlaget for å bli ein toppidrettsutøvar og landslagsløpar på sikt.

Frå Lillehammer til Stryn

Ein av dei som no har kome til Stryn for å gå på landslinja, er Eilev Aa Klokk frå Lillehammer. Han har ein kamerat som skulle til Stryn og som informerte han om tilbodet.

– Han greidde å overtale meg, og då eg gjekk inn på nettsida og fekk sjå opplegget, var eg overtydd. Etter to dagar i Stryn kan eg slå fast at det er bra, her er eit godt miljø og fine omgjevnader.

Jenny Følling, Torbjørn Røe Isaksen og Sven Flo

TREKLØVER: Frå venstre fylkesordførar Jenny Følling (Sp), kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) og ordførar Sven Flo (H).

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Sterk søknad

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen seier at landslinja er resultat av god lokal innsats og frå stortingsrepresentantane Bjørn Lødemel frå Høgre og Sveinung Rotevatn frå Venstre.

– Dette kom inn i budsjettet gjennom budsjettforliket mellom regjeringspartia og KrF og Venstre.Men det var heile tida ein sterk søknad, ikkje minst fordi skiskyttarforbundet var med.

Sven Flo

– UTRULEG FLOTT DAG: Ordførar Sven Flo (H).

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Oppturar og nedturar

Ordførar Sven Flo (H) i Stryn smilte frå øyre til øyre.

– Det er ein utruleg flott dag. Eg er veldig glad for at dette no har kome på plass. Det har vore jobba veldig lenge med det, det tok vel av i 2013, då vi tok til å forme det i god dialog med fylkeskommunen.

Han vedgår at det ikkje alltid har sett lyst ut for landslinja i skiskyting.

– Det har vore oppturar og nedturar, men vi har hatt stor tru på at dette skulle vi få til, og resultatet har vi i dag. Vi ha eit veldig godt ski- og skiskyttarmiljø her, og vi ynskjte å styrke det, og sikre at ungdommen kunne vere i bygda og få ei god utdanning, samstundes som dei kunne dyrke fram idretten.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.