Hopp til innhold

Dette skal vere eit laboratorium for klimatilpassing

SOGNDAL (NRK): Forskarar i Sogndal skal finne ut korleis vi kan tilpasse oss eit våtare og villare vêr. I dag vart Norsk senter for berekraftig klimatilpassing offisielt opna.

Opning av klimatilpassingssenter i Sogndal

OPNA I DAG: Stortingsreprentant for Krf, Tore Storehaug, statssekretær i Klima- og miljødepartementet Atle Hamar og (V) og Karen Marie Hjelmeseter (Sp) under opninga av klimatilpassingssenteret i dag.

Foto: Kyrre Groven / Vestlandsforsking

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I sommar tørka grasavlingane nesten opp, mens flaumen herja Luster i oktober. På Vestlandet har ein verkeleg fått kjenne følgjene av klimaendringane. Nettopp difor skal Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (NORADAPT) plasserast her.

I dag vart senteret offisielt opna i Sogndal, der Vestlandsforsking blir vertsinstitusjon fot senteret.

– Det mest openbert unike ved senteret er at det ligg på ein liten stad, ikkje i ein stor by. Det gjer at ein kjem tettare på problema, sa Carlo Aall, forskingskoordinator for senteret, etter opninga.

Carlo Aall

«VESLEBROR» INNAN KLIMAFORSKINGA: – Det er brukt mykje forskingsmidlar på fornybar energi og det å redusere utslepp, no må vi ruste opp kunnskapen om korleis vi skal tilpasse oss klimaendringane, seier Carlo Aall, forskingskoordinator for NORADAPT,.

Foto: Kyrre Groven / Vestlandsforsking

Eit laboratorium

Det var då KrF kom med i budsjettforhandlingane at det vart løyvd 10 millionar til senteret, og difor kunne dei i dag ha offisiell opning. Stortingsrepresentant Tore Storehaug har kjempa for å få gjennom dette.

– Dette er viktig fordi vi lever i eit fylke som verkeleg merkar klimaendringane som skjer, ved at vêret bli våtare, villare og tørrare på same tid. Det å bruke fylket vårt som eit levande laboratorium synest eg har vore ein god tanke som gjengen bak klimasenteret har løfta, sa Storehaug då løyvinga var klar.

Tore Storehaug

FEKK GJENNOMSLAG: Krf og stortingsrepresentant Tore Storehaug fekk gjennomslag for å bruke ti millionar kroner på klimatilpassingssenter under budsjettforhandlingane. I dag var han til stades under opninga.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Han meiner senteret utfyller andre klimaforskingssenter i landet.

– Dette er puslespelbiten som har mangla, for klimaendringane kjem og då må vi bli betre på korleis vi som samfunn skal tilpasse oss dei, sa Storehaug etter at midlane var i boks.

Skal vere leiande

Målet er å skape eit leiande forskingsmiljø innan klimatilpassing både nasjonalt og internasjonalt.

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Atle Hamar (V) påpeiker at miljøet i Sogndal har vist seg som nasjonalt leiande, og trur det nye senteret vil vere positivt både for Vestlandet, Noreg og internasjonalt.

– Vi merkar klimaendringane ved at vegar blir stengde og infrastruktur øydelagt fordi dei ikkje er bygde for å tole meir nedbør og klimeutfordringar. Dette må forskast på. Difor er senteret her uvurderleg, seier Hamar.

Vil framleis endre seg

At senteret ligg i Sogndal, meiner også Hamar er av stor betydning.

– Det er som å ha eit laboratorium der klimaet er i endring. Ein er nær utfordringane, seier han.

Carlo Aall peiker på at klimaet vil halde fram med å endre seg, også om ein skulle lukkast med å redusere utsleppa. Difor trengst senteret.

– Sjølv om vi skulle klare å redusere utsleppa til null innan 50 år vil klimaet fortsetje å endre seg og vi vil stadig få nye overraskingar. Den kunnskapen må vi ha eit system for å samle inn, seier han.