Tørkeråka bønder har fått 188 millionar

Fylkesmennene har til no handsama over 1.700 søknader om avlingsskadeerstatning etter tørkesommaren. I alt har dei fått 7.800 søknader.

Dårleg grasavling

GRASAVLING: Tørken førte til store problem for bøndene i Sør-Noreg i sommar. For mange vart situasjonen så prekær at dei måtte importere fôr.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Søknadsfristen, som er absolutt, går ut 31. oktober. Rådet frå Landbruksdirektoratet er tydeleg: Vær snar!

Gunn Eide, Seksjonssjef Landbruksdirektoratet

EITT RÅD: Gunn Eide i Landbruksdirektoratet ber bøndene vere snare med å søkje om avlingsskadeerstatning.

Foto: Privat

– Vi rettar ei takk til alle som har tatt oppmodinga og levert søknad allereie. Det har redusert presset både på kommunar og søknadssystem, seier seksjonssjef Gunn Eide i Landbruksdirektoratet.

Mest på Austlandet

Den tørre sommaren førte til store problem for bøndene i heile Sør-Noreg. Situasjonen vart så prekær at regjeringa måtte inn med hastetiltak for å hjelpe. Enkelte bønder måtte slakte , andre vurderte å importere rundballar frå utlandet. Til slutt gjekk Felleskjøpet, Tine og Nortura saman for å importere rundballar frå Island.

Oppland, Østfold og Oslo/Akershus har fått flest søknader om avlingsskadeerstatning. Der har det kome meir enn 1.000 søknadar per fylke. Målet er at næringsdrivande skal få utbetalt sine erstatningar før årsskiftet.

I Sogn og Fjordane har 144 bønder søkt om erstatning for avlingssvikt.

I alt er det til no betalt ut erstatning for 188 millionar kroner, melder landbruksdirektoratet.

I snitt har det blitt utbetalt over 108.000 kroner per søknad, skriv Nationen.

Avlingssvikt vert definert som svikt i avlingsmengde i høve til snittavling for vekstgruppa. Avling i skadeåret må vere mindre enn 70% av vekstgruppas tidlegare års avling.

Venter 12.000 søknader

Ifølgje Landbruksdirektoratet sine nettsider, må avlingssvikten ha ei klimatisk årsak som det ikkje er mogleg å sikre seg mot. Erstatninga føreset at det er godt dokumentert at det er klimatisk skade som er årsak til avlingssvikten.

Søknadane blir behandla i to trinn, i kommunar og fylke. Kommunane har handsama ferdig over 3.000 saker og har 1.300 under handsaming. 1.700 saker er ferdigbehandla hos fylkesmennene, og av desse er kring 700 forskottssøknader.

Prognosane tilseier at det skal komme 12.000 søknadar om avlingsskadeerstatning. Talet er vesentleg høgare enn dei kring 700 som er vanleg på eit i eit snittår.

Direktoratet ventar stort press på sakshandsamarane i tida framover, men meiner det er bemanning nok til å takle pågangen.

Prognosanes om Landbruksdirektoratet gjekk ut med i september, tilsa at bøndene ville søke om over 1,3 milliardar kroner i erstatning etter tørkesommaren.

Ifølgje utrekningar Nationen har gjort, vil den totale kostnaden av avlingssvikta kunne komme opp i 5,5 milliardar kroner.