Hopp til innhold

Oljefondet seier nei til gruveselskap

Oljefondet investerer ikkje i gruveselskap fordi dei ikkje trur på berekrafta i gruvedrifta.

Video Ønskjer snarleg avklaring or gruveplanane i Vevring

SELT SEG UT: Oljefondet seier nei til å investere i gruveselskap som fjernar fjelltoppar. Dei trur ikkje på berekrafta.

Foto: Nyhetsspiller

– Vi har selt oss ut fordi miljøkonsekvensane er openberre, og vi ikkje trur på berekrafta i forretningsmodellen for denne typen gruvedrift på lang sikt. Det opplyser oljefondet sin kommunikasjonssjef, Marthe Skaar, til papirutgåva av Klassekampen.

Uttalelsen frå Oljefondet er gitt til avisa i samband med at fondet selde seg ut av to selskap i USA som driv liknande gruvedrift som Nordic Mining har planer om i Naustdal.

Strengare krav til investeringar i utlandet

Oljefondet har selt seg ut av to amerikanse gruveselskap som driv med fjelltoppfjerning. Men i Norge har regjeringa gjeve Nordic Mining løyve til å kutte ein femtedel av Engebøfjellet og deponere gruveavfallet på 240 millionar tonn i Førdefjorden.

Avisa skriv at norske staten dermed har strengare krav for oljefondet sine investeringar i utlandet, enn for gruveprosjekt heime i Norge.

Målet med fjelltoppfjerninga er å lage opne dagbrot, som er mindre kostnadskrevjande enn underjordiske brot. Dette vil medføre at Engebøfjellet går frå 330 til 270 meter høgt.

– Ikkje økonomi i underjordsbrot

Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum, seier til avisa at det kunne vore mogeleg å unngå fjelltoppfjerning.

– Teknisk er det fullt mogeleg å lage eit underjordsbrot, men ressursmessig er det ikkje noko god løysing.

Oljefondet har selt seg ut av to amerikanske selskap som dreiv liknande fjelltoppfjerning fordi dei fekk kritikk for måten selskapa dreiv. Men Fossum har ikkje merka liknande kritikk.

– Vi har ikkje opplevd at det har vore nokon stor kritikk av det. Eg trur det er fordi vi har fått til ei løysing som tar omsyn til det visuelle inntrykket.

Nordic Mining svarar på kritikken

I ein epost frå Nordic Mining svarar selskapet følgjande på kritikken:

«Den 6. mai skriver Klassekampen at Oljefondet har solgt seg ut av to amerikanske selskaper som driver «Mountain-top removal» og mener dette står i kontrast til myndighetenes godkjennelse av Engebøprosjektet.

Dette er en misvisende sammenstilling. «Mountain-top removal» betegner en spesifikk form for gruvedrift knyttet til utvinning av kull og såkalt «strip mining». Dette er en brytningsmetode der all overdekkende fjellmasse fjernes over et horisontalt kull-lag som kan følges over store avstander. I Appalachene i USA har denne virksomheten påvirket arealer på flere tusen kvadratkilometer, og ført til store landskapsmessige endringer.

Dette er på ingen måte sammenlignbart med den planlagte gruvedriften i Engebø. Dagbruddet i Engebøfjellet vil etter avsluttet drift dekke et areal på ca. 0,2 km2 og profilen av fjellet vil i stor grad bevares. Denne formen for dagbruddsdrift er normal praksis i Norge og internasjonalt. Koblingen mellom Oljefondets investeringspolitikk og Engebøprosjektet er derfor feilaktig. Toppen av Engebøfjellet består av rik malm og dagbruddsdrift er den eneste måten å drive ut denne malmen på.

Det planlagte dagbruddet er et kompromiss med omgivelsene. Å ta større deler av fjellet ut ved dagbruddsdrift ville vært mer lønnsomt, men for å ta hensyn til det visuelle landskapsinntrykket vil 80 % av malmen tas ut under jord.»