Hopp til innhold

Olav (63) skulle berre tømme ølboksen

Olav R. Faleide skulle ta siste slurk før han kasta ølboksen. Det heldt på å koste han livet.

Olav R. Faleide

DRAMATISK: Ambulansepersonell fann verken pust eller puls då dei byrja å arbeide med Olav R. Faleide. – Eg er blitt spurt om eg såg lyset, men det gjorde eg ikkje. Det var nok sirkulasjon heile tida, sjølv om eg ikkje registrerte dei første minutta etter at ambulansen kom, seier han.

Foto: Privat

For i boksen var ein veps, som følgde med ølet i munnen og stakk 63-åringen i tunga.

Det var avisa Fjordingen som først omtala hendinga.

– At eg var i livsfare, det er det ikkje tvil om. Eitt minutt eller to til, så hadde det vore slutt, seier Olav R. Faleide til NRK.

Fekk ikkje puste

Olav R. Faleide

I LIVE: – Takka vere ei snarrådig kone som held hovudet kaldt og tenkjer systematisk når det stormar som verst, så var det i grunn ho som regisserte byrjinga av redningsaksjonen, seier Olav R. Faleide.

Foto: Privat

Det er to veker sidan familiefesten i bygdehuset vart til ein kamp på liv og død for kjømeister Faleide. 63-åringen forstod raskt alvoret då han kjende brodden i tunga. I fjor hovna han kraftig opp etter eit vepsestikk i handa.

Kona fekk ut brodden og ringde etter ambulanse. Faleide vart køyrt ambulansen i møte.

Han sleit med pusten og vart uråd å få blikkontakt med. Han hugsar berre brotstykke av turen.

TV-SAK: Olav R. Faleide tok det ikkje alvorleg i fjor då han fekk ein kraftig reaksjon etter vepsestikk. Etter vepsestikket for to veker sidan har han gått til innkjøp av motgift. (FOTO: AHMHAD DEAN/NRK)

– Det var ikkje snakk om fem minuttar. Eg datt av heilt av lasset før vi passerte Skyliften, seier han.

– Eg registrerte så vidt at eg vart dradd ut av bilen og at nokon klipte av meg kleda på overkroppen. Det neste eg hugsar er intensivavdelinga i Førde, seier han.

Ambulansepersonellet fann verken puls eller pust og gav han adrenalin og oksygen. Så gjekk turen til Førde sentralsjukehus.

– Går bra for dei fleste, men ...

Preben Ottesen

RISIKO: Preben Skrede Ottesen seier at allergikarar, sjølv med motgift, må oppsøke lege etter eit vepsestikk. – Eingongssprøyta gir eit pusterom, men fordi adrenalin bryt raskare ned enn vepsegift, så vil ein ofte trenge meir enn ei dose, seier han.

Foto: Anette Torjusen / NRK

Preben Skrede Ottesen, avdelingsdirektør hos Folkehelseinstituttet, seier vepsestikk er ufarleg for dei aller fleste.

Derimot døyr ein til to menneske årleg av allergisjokk. Allergikarar får motgift på resept.

– Får ein allergisjokk misser ein medvit etter nokre minuttar og kan vere død i løpet av ein halvtime, seier han.

Mykje veps i sommar

Petter Bøckmann

MYKJE VEPS: Zoolog Petter Bøckmann seier vepsen oppsøker spesielt søtsaker på denne årstida. – Ikkje ta øl, saft og vin ut. Vepsen er ikkje interesserte i oss, men interessert i maten vår, seier han.

Foto: Petter Bøckmann

Zoolog og universitetslektor Petter Bøckmann ved Naturhistorisk museum seier ekstremvarmen har gjeve den vepsesommaren ein venta .

Utover september blir det betre. I desse dagar går vepsesamfunna i oppløysing.

– Dronninga er ferdigpara og i ferd med å grave seg bol for å overvintre og byrje bøtteballetten til neste år, seier han.

Arbeidarane, som heile livet har skaffa mat til larvene, er utan oppgåver og fartar rundt på jakt etter «drivstoff» til seg sjølve. Då oppstår konflikten med menneska.

– Dei går på lut og kaldt vatn, får vondt i ledda og vil gjerne ha søtmat, seier Bøckmann.

Tankevekkar

Magne Faleide

ADRENALIN: Olav R. Faleide fekk både adrenalin og oksygen av ambulansepersonellet. No skal han lære seg korleis han sjølv kan setje motgift etter vepsestikk.

Foto: Privat

I Loen har Faleide fått seg ein kraftig vekkar. Han håpar at andre kan lære av feila hans.

– I sjeldne tilfelle strutar eg frå boksen, men då har eg halde tommelen over opninga mellom slurkane. Denne gangen var eg litt kortenkt, seier han.

– Det høyrest ut som om du tek lett på det no?

– Nei. Det har sett skikkeleg spor. Eg har aldri vore nærare døden.

– Å drikke frå boksar, uansett innhald, når det er veps rundt kan vere ein dødeleg sport, avsluttar han.