Hopp til innhold

Fotballtopp mistenkt for heleri i utruskapssak mot tidlegare fylkestopp

Ein styreleiar i ein fotballklubb i fylket er mistenkt for heleri. Tidlegare er ein styremedlem i same klubben tiltalt for grov økonomisk utruskap.

Magnus Engh Juel og Stig Nybø

AKTOR: Magnus Engh Juel (t.v.) stadfestar ovanfor NRK at styreleiaren i ein fotballklubb er mistenkt for heleri i samband med utruskapssaka mot ein tidlegare fylkestopp, og styremedlem i same fotballklubb.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Styreleiaren i fotballklubben vart kalla inn til avhøyr hos politiet sist fredag og fekk då vite at det er oppretta straffesak mot han. Dette stadfestar politiadvokat Magnus Engh Juel.

Fotball-toppen har status som mistenkt. Den tidlegare fylkestoppen og styreleiaren sit i styret i den same fotballklubben. Den eine er mistenkt for heleri og den andre er tiltalt for grov økonomisk utruskap.

Det er opprørande, latterleg og fullstendig uforståeleg at eg skal vere mistenkt for heleri.

Styreleiar i fotballklubb i Sogn og Fjordane

Epostkorrespondanse og tekstmeldingar mellom styreleiaren og den tidlegare sjefen i fylkeskommunen i samband med innkjøp og utlån av utstyr, er ein del av grunnlaget for mistanken om heleri. Styreleiaren reagerer sterkt.

– Det er opprørande, latterleg og fullstendig uforståeleg at eg skal vere mistenkt for heleri. Eg har nesten ikkje ord, seier han.

Kjøpte dronar og lyd- og filmutstyr

Ifølgje tiltalen skal den tidlegare sjefen i fylkeskommunen ha kjøpt inn datautstyr, film- og lydutstyr, gåvekort, verktøy, dronar, trenings- og friluftsutstyr, byggematerialer, mobiltelefonar, champagnekjølarar og røykmaskin for til saman 3,7 millionar kroner.

Utstyret vart betalt av fylkeskommunen ved at vedkomande bestilte det i fylkeskommunen sitt namn og at fakturaene vart sende dit. Ein del av utstyret skal ifølgje tiltalen vere brukt til private føremål. Resten av utstyret skal ifølgje politiet ha vore brukt av den lokale fotballklubben.

Fotballklubben skal mellom anna brukt lyd- og filmutstyr, utstyr for å streame på internett og kommunikasjonsutstyr som har vore kjøpt inn på fylkeskommunen si rekning. Den tidlegare fylkestoppen har vedgått å ha brukt 150.000 kroner på ulovleg måte. Når det gjeld resten av tiltalen vedgår han ikkje straffskuld.

Skuldar på vasslekkasje

Styreleiaren i fotballklubben fortel at ein vasslekkasje gjorde at klubben i ein periode i 2014 måtte låne ein del utstyr frå fylkeskommunen.

– Det var snakk om nokre høgtalarar, mikrofonar og ein miksepult. Alle burde vore innforstått med at det var behov for eit mellombels lån av utstyret. Det var aldri på tale at vi skulle overta det.

Du er som styreleiar mistenkt for heleri og ein styremedlem er tiltalt for grov økonomisk utruskap. Kor belastande er denne saka?

– Saka er sjølvsagt svært belastande for dei mest involverte. Men den er også belastande for heile fotballklubben sitt rykte.

Vil det bli gjort utskiftingar i styret?

– Vedkomande som er tiltalt har gitt beskjed om at han ønskjer å trekkje seg frå styret. Styret vil ta stilling til dette no.

Burde du ikkje fatta mistanke om at noko var gale når fotballklubben kunne ta i bruk kostbart teknisk utstyr utan at det kosta nokon som helst?

– Eg veit kva eg har gjort og eg står for det eg har gjort. Det var berre snakk om lån av utstyr og vi hadde ingen grunn til å tru at vedkomande vi lånte utstyret av ikkje hadde dei rette fullmakter til å låne ut utstyret.

Vurderer du sjølv å trekkje deg som styreleiar?

– Nei, eg ser ingen grunn til å trekkje meg fordi politiet kjem med feilaktige og grunnlause mistankar.