Hopp til innhold

Også dei rikaste må kutte

Dei 17 kraftkommunane i fylket tapar heile 52 millionar kroner i eigedomsskatt neste år. Det fører til at også dei rikaste kommunane må diskutere kutt, som til dømes nedlegging av skular.

Kraftverk, Ivar Kvalen og Noralv Distad

SKATTESJOKK: Både ordførar i Luster Ivar Kvalen (Sp) og ordførar i Aurland, Noralv Distad (H) taper begge 12 millionar i skatteinntekter neste år.

Foto: Montasje: Merete Husmo Høidal og Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Skattesjokket får store konsekvensar over heile fylket. Til og med i rike kommunar som Aurland og Luster, som er kjent for å ha pengar på bok, er innføring av eigedomsskatt og nedlegging av grendeskular plutseleg eit diskusjonstema.

– Det som har skjedd i kommuneøkonomien i Luster er at vi ligg an til å få 12 millionar kroner mindre i eigedomsskatt. Det er ein kalddusj for oss. Det kjem i tillegg til dei innsparingane som vi må ta frå før. Slik det ser ut no, må vi hente inn 20 millionar kroner dei neste åra, seier Ivar Kvalen som er ordførar i Luster.

Tøffe kutt

Saman med Aurland er Luster ein av dei kommunane i fylket som lenge har levd på ei svært grøn grein på grunn av gode kraftverksinntekter. Men no har straumprisen vore låg lenge, og verdien av kraftverka har falle som ein stein. Og difor kom sjokkmeldinga i førre veke: eigedomsskatten på verk og bruk blir kraftig redusert.

Fleire av kraftkommunane i fylket har lenge teke vonde grep for å berge økonomien. Og no er tida også komen til Luster. Mellom anna må politikarane sjå om det er noko å hente i dei åtte barneskulane og to ungdomsskulane i kommunen.

– Vi har gitt administrasjonen i oppdrag å kome med forslag om kva ein skal sjå på. Det er klart at skule og oppvekst er eit område som vi no er tvinga til å sjå på, seier Kvalen.

Kvalen seier politikarane no går breitt ut for å finne løysingar som sørgar for at Luster har ein sunn kommuneøkonomi også i åra framover. Ein annan ting dei skal vurdere, er å innføra eigedomsskatt for folk flest.

– Her må ein både sjå på eit generelt kutt i det kommunale tenestetilbodet, og administrasjonen har og løfta fram at ein kanskje og bør vurdere eigedomsskatt, seier, Kvalen.

Krevjande

Men også i rike Aurland varslar ordførar Noralv Distad kutt. Aurland mista 12 millionar kroner over natta då den nye verdifastsetjinga av kraftverka kom, og Distad kallar situasjonen krevjande. Aurland har berre to skular. Så Distad varslar kutt i administrasjonen og i helse og omsorg.

– Der er det sett i gang eit arbeid. Vi må organisere oss på ein måte som gir oss betre tenester og samstundes er billigare, seier Distad.

Ordførar Ivar Kvalen i Luster er fortvila over situasjonen og vedgår at han har ein vanskeleg jobb framføre seg i haust.

– 12 millionar kroner mindre i inntekter over natta, det er ikkje lett. Vi er nok den kommunen i landet som får størst reduksjon i eigedomsskatt på kraftverk, seier Kvalen.