Hopp til innhold

Hadde rekna med millioninntekt, men ...

Sogndal kommune har budsjettert med over to millionar kroner i inntekter gjennom eigedomsskatt frå det nye trafoanlegget til Statnett. No kan millionane forsvinne.

Sogndal trafostasjon på Hagafjellet

TEK FORM: Utbygginga på Hagafjellet mellom Fardal og Sogndal er eit ledd i bygginga av ei ny kraftlinje mellom Sogn og Sunnmøre. No kan eigedomsskatt frå anlegget forsvinne frå kommunen.

Foto: NRK-tipsar/NRK

– Vi har gitt frå oss eit stort fjellområde til trafoanlegget for den store kraftlinja mellom Fardal og Ørskog, der hovudformålet er å skaffe straum til andre delar av Norge – og vi har ikkje drøymt om at vi ikkje skulle få litt att for det i form av eigedomsskatt, seier Laura Kvamme.

Ho er Sp-varaordførar i Sogndal kommune, der dei har budsjettert med 2,2 millionar kroner i inntekter frå eigedomsskatt på trafoanlegget. Pengane kan no forsvinne som følgje av eit forslag frå regjeringa om endringar i eigedomsskatten for næringseigedom og kraftlinjer.

Kvamme reagerer.

– Når vi tek på oss belastinga med og eit stort produksjonsanlegg, så er det berre rimeleg at vi burde få litt tilbake i form av eigedomsskatt, seier varaordføraren.

Kommunar kan tape svimlande summar

Finansdepartementet har lagt ut på høyring eit forslag om fritak for eigedomsskatt på produksjonsutstyr- og installasjonar. Regjeringa har heilt sidan starten lova å ta bort eigedomskatten på maskiner.

I kommunar mykje industri kan endringa bety enorme tap. Eigedomsskatt på bruk og verk er i dag ei betydeleg inntekt for kommunar som husar store industriområde, men der hovudkontor, og dermed også det meste av skatteinngangen, gjerne ligg i Oslo-området.

Ein kommune som Årdal står i fare for å miste inntekter på 60 millionar. For Lindås i Hordaland kan det bli endå meir dramatisk, då inntekter på 100 millionar i året kan forsvinne.

Det går med ein del dynamitt når du skal gjere 350.000 tonn med stein om frå fast fjell til laus masse på nokre sekund. Nettopp det skjedde då Statnett sprengde ut fjell i samband med bygginga av trafostasjonen mellom Fardal og Sogndal.

GIGANTISK: For to år sidan vart 120 tonn sprengstoff fyrt av i samband med den nye trafostasjonen mellom Fardal og Sogndal. Kommunen meiner dei bør få kompensasjon gjennom eigedomsskatt frå anlegget.

Vil justere skattlegginga i tråd med inntektene

For Sogndal er to millionar kroner mykje pengar. Varaordføraren samanliknar summen med nettoinnsparingane på å leggje ned ein barneskule.

– Ingen vil leggje ned skular, men skulle inntektsgrunnlaget forsvinne, så må ein snu alle steinar, seier Laura Kvamme.

Statssekretær Paal Bjørnestad (Frp) i Finansdepartementet har tidlegare forklart NRK at dagens eigedomsskatt tyngjer verksemder som må betale skatt uavhengig av overskot. Ifølgje regjeringa vil kommunane kunne miste rundt 1,2 milliardar kroner i inntekter som følgje av ei eventuell endring. Saka er no ute til høyring.

– Eg synest det er grunn til å sjå på endringar i eigedomsskattlegging, men eg trur dette er eit forslag der ein ikkje har tenkt gjennom konsekvensane, seier Kvamme.