Hopp til innhold

Inntektene har gått frå 20 millionar i året til knappe tre millionar

Luster kommune får inn langt mindre inntekter frå sal av konsesjonskraft. Ordføraren varslar innsparingar, men trur ikkje det skal bli smalhans.

Ivar Kvalen

KRAFTKOMMUNE: Ordførar Ivar Kvalen vil ikkje kalle situasjonen for dramatisk, men seier dei må jobbe for å kutte i drifta før situasjonen blir slik at dei må ty til drastiske tiltak.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Låge kraftprisar har blitt dårleg nytt for Luster kommune. Ifølgje Sogn Avis har inntektene kommunen har av konsesjonskraft gått frå 20 millionar kroner i 2010 til 3,6 millionar kroner i fjor. Ifølgje rådmannen ser utsiktene for 2016 ut til å bli endå dårlegare.

Ordførar Ivar Kvalen (Sp) seier til NRK at kraftinntekter er og har vore veldig viktig for kommunen.

– Dei siste åra har kraftprisane vore veldig låge, og det har gjort til at overskotet på sal av konsesjonskraft har blitt mykje mindre enn tidlegare.

– Når inntektene er redusert med mellom 12 og 15 millionar kroner årleg, betyr det at vi må finne innsparingar i driftsbudsjettet som svarar til tapet av inntekter, seier ordføraren til NRK.no.

– Kjempedramatisk er det ikkje

Allereie i førre kommunestyreperiode vart driftsutgiftene i kommunen redusert.

– Vi har gjort nokre strukturendringar innan bibliotek og kjøkkentenester på sjukeheimen. I tillegg har vi hatt generell ostehøvelkutt på drifta, seier Kvalen.

Arbeidet med å redusere driftskostnadane vil no halde fram, og ifølgje ordføraren kan ein mellom anna vente seg kutt innan pleie- og omsorgssektoren.

Trass i at inntektene til kommunen ifølgje ordføraren altså har blitt redusert med 12–15 millionar kroner årleg siste åra, vil han ikkje overdramatisere situasjonen.

– Kjempedramatisk er det ikkje for oss enno. Dette er pengar som vi har brukt opp att på drifta, til gode for innbyggjarar, lag og organisasjonar og næringsarbeid.

Trur ikkje folk vil merke så mykje

– Må innbyggjarane bu seg på smalhans framover?

– Eg trur ikkje folk flest vil merke så mykje. Vi håpar å gjere tilpassingar som ikkje råkar brukarar og innbyggjarar så mykje.

Martin Kulild, seniorrådgjevar hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, seier dei har tal som stadfestar at kraftkommunane sine inntekter har gått ned.

Samtidig viser tala at kraftkommunane framleis har betydeleg meir i inntekter enn ein gjennomsnittskommune til å betale for tenester til innbyggjarane.