Politiet lovar deg raskare hjelp

– Krava burde vore strengare, meiner tillitsvald.

Kjetil Drange

STRENGARE: Med den nye politireformen ventar Drange strengare krav til responstid i framtida.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

– Dette gjeld jo med dagens bemanning og dagens struktur, basert på målingar som er gjort. Våre oppdrag blir løyste innanfor dagens krav til responstid. Det er lite ambisiøst, seier Kjetil Drange som leiar Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane.

Politiet har innført krav til responstid, slik at folk skal vite kva dei kan vente av sitt lokal politi når det hastar. Krava gjeld for oppdrag som krev umiddelbar utrykking.

– Eg ser føre meg at som ein del av reforma med tilføring av stillingar, at krava blir strengare, seier Drange.

Håpar å innfri krava

Politimeister Ronny Iden håpar politiet klarer krava.

– Eg håpar det er krav vi kan innfri, og at dei sånn sett er ambisiøse men oppnåelege.

Ronny Iden

INNAN REKKEVIDDE: Politimeister Ronny Iden trur ambisjonane vil auke i framtida.

Foto: Truls Kleiven

Han viser til at det har føregått prøvemålingar som viser at krava er innan rekkevidde.

– Men krava er nesten identiske med dei krava de har i dag, vil det bli noko endring?

– No er dette komme. Starten er i 2015 så eg syntest det er eit greitt nivå dei har lagt seg på. Så kan det skje mykje i politiet framover, slik at ambisjonen vil auke.

Politiet i Sogn og Fjordane har fått kritikk for lang utrykkingstid, mellom anna under trippeldrapa i Årdal. Bør ein ikkje sette krava høgare?

– Vi har den politidekninga vi har her i Sogn og Fjordane. I ein storby vil responstida vere lågare. Krava vi har fått speglar det, seier Iden.

Uproblematisk å nå krava

Politiet skal vere på staden 22 minutt etter dei har fått melding i halvparten av tilfella i grisgrendte strok.

– Halvparten av oppdraga skal vere innanfor 22 minutt responstid. I resterande skal 80 prosent vere innanfor 45 minutt og så har vi 20 prosent som ikkje er noko krav på. Så eg trur dette skal gå greitt.

Drange meiner fokus uansett krav til responstid må vere at tenesta er best mogeleg.

– Vi må ha i fokus at vi kjem når folk har bruk for det, og ikkje berre på kort tid, men også med kvalitet til beste for dei som treng hjelpa.