– Eg meiner eg har gjort det rette. Det var eit mindre overgrep å stanse arbeidet til Nordic Mining, enn det vil vere å øydeleggje Førdefjorden, seier Gaute Eiterjord.
Ti tusen kroner i bot er ni aksjonistar no dømde i Sogn og Fjordane tingrett til å betale. Om dei framleis nektar å betale bota, må dei i fengsel i tjue dagar.
Til saman var det meir enn 80 menneske som lenka seg fast i anleggsmaskinene på Engebøfjellet i fjor. Rundt 70 av dei nektar å godta bøtene dei fekk av politiet, og må no møte i tur og orden i tingretten.
Les også: Stortingsrepresentant må møte i retten
Vil ikkje gå i fengsel
Så langt har ingen av aksjonistane som har blitt dømte i retten, nekta å betale bøtene. I fleire andre aksjonar, som til dømes Hardanger-aksjonen, har fleire aksjonistar vore villige til å gå i fengsel.
– Eg ser ikkje korleis det skal tene saka. No skal eg setje i gang med å betale bota. Det har eg vore førebudd på sidan eg bestemte meg for å vere med på desse aksjonane, seier Eiterjord.
Les også: Arresterte tre partileiarar for sivily ulydnad
Meiner det var viktig å møte
I tingretten hevda aksjonistane at dei var uskuldige, fordi Grunnlova sin paragraf 112 seier at «naturressursane skal disponerast ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte som tryggjer denne retten òg for kommande slekter».
Retten var heilt usamd i det. Likvel tykkjer Eiterjord og dei andre aksjonistane at det var viktig å møte opp i retten og hevde sin urett.
– Dersom dette kan hindre 250 millionar tonn gruveslam i å bli dumpa i Førdefjorden, så er det ein liten pris å betale denne bota.
– Men du får vel ikkje hindra at det no skjer?
– Nei, men det kan vere eit bidrag til å løfte debatten om dette prosjektet.