Hopp til innhold

Stortingsrepresentant må møte i retten

Nyvald stortingsrepresentant Nicholas Wilkinson (SV) må tysdag møte i retten, etter at han i fjor lenka seg fast for å hindre prøveboring i samband den planlagde gruvedrifta i Førdefjorden.

Demonstrantar ved Engebøfjellet

DEMONSTRERTE: Nicholas Wilkinson (i midten) demonstrerte mot gruveplanane i Førdefjorden ved å lenke seg fast til Nordic Mining sine maskinar på Engebøfjellet

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg kan ikkje seie at andre skal følgje lova, og så gjer eg ikkje det sjølv. Men dette gjorde eg før eg vart vald inn på Stortinget, i ein spesiell situasjon. Eg ville ikkje ha lenka meg fast i dag, sidan eg no er Stortingsrepresentant, seier Wilkinson.

Men han legg til at han ville gjort det igjen, om han ikkje vart vald inn på Stortinget.

Tre partileiarar arresterte

Tysdag må han møte i Sogn og Fjordane tingrett fordi han nekta å godta bota han fekk av politiet. I fjor vinter lenka han seg fast til anleggsmaskinene på Engebøfjellet for å demonstrere mot dumping av gruveavfall i Førdefjorden.

Ungdomsleiarane arresterte

I POLITIBILEN: Leiar i Rød Ungdom, Linn-Elise Øhn Mehlen og leiar i Sosialistisk Ungdom, Nicholas Wilkinson, aksjonerte i fire timar før dei vart fjerna av politiet.

Foto: privat

Saman med han i lenkegjengen var og leiarane av Grøn Ungdom og Rød Ungdom. Wilkinson lenka seg fast som leiar av Sosialistisk Ungdom.

Aksjonistane har tidlegare fått bøter på mellom 10 000 og 22 000 kroner. Fleire har godteke bøtene, men for dei som ikkje har gjort det starta andre runde i retten sist veke. Der hevda aksjonistane at dei handla i naudverje.

Trur veljarane forstår

Wilkinson trur ikkje veljarane vil straffe han ved neste korsveg.

– Eg håpar folk set pris på at vi har stortingsrepresentantar som gjer alt for det dei trur på. Eg er med i politikken fordi eg vil ta vare på miljøet, fjordane og lufta for framtidas generasjonar. Og ja, eg er villig til å godta fengsel eller bøter for miljøet vårt, seier han.

– Svært uvanleg

Valforskar Anders Todal Jensen ved NTNU seier at det er svært uvanleg at ein stortingsrepresentant må møte i retten for slik oppførsel.

Anders Todal Jensen

Valforskar Anders Todal Jensen

Foto: Randi Lillealtern / NRK

– Sivil ulydnad betyr at du vil bryte norsk lov, det er eit radikalt grep, som alltid vil vere kontroversielt.

Les også: Arresterte tre partileiarar for sivil ulydnad

– Sivil ulydnad ikkje akseptert

Valforskaren forklarer at det ikkje er slik at sivil ulydnad er akseptert av alle som ein akseptabel form for politisk arbeid.

– I det politiske miljøet er det nok større aksept for sivil ulydnad, enn for andre lovbrot. Men å bryte norsk lov er framleis veldig kontroversielt.

Todal Jensen syner mellom anna til Alta-aksjonen, og at politikarane som gjekk ut og støtta aksjonistane der, hamna under eit stort press. Han kjenner ikkje til andre døme, i moderne tid, på sitjande stortingspolitikarar som må møte i retten for å ha bryte lova.