Hopp til innhold

Ny kvardag som restauranteigar

Han byrja som oppvaskhjelp på Knutholmen. No har Jan-Erik Hauge frå Berle opna eigen restaurant på Youngstorget i Oslo.

Dalelv og Hauge

RESTAURANTEIGAR: For Jan-Erik Hauge er det få frihelger i året som restauranteigar.

Foto: Bocuse d'Or

– Det er ein heilt ny kvardag. Ein må trø varsamt og jobbe hardt for å få det til, seier Jan-Erik Hauge.

27-åringen frå Berle i Bremanger har opna sin eigen restaurant på Youngstorget i Oslo. Restauranten, som heiter «Nemesis», opna for ein månad sidan og Hauge fortel at dei har hatt godt besøk den første månaden.

Det har vore ei travel tid for kokken som er både eigar, dagleg leiar og kjøkkensjef.

– Det er ikkje mykje fritid, men det er ei fantastisk oppleving å skape noko som gjer inntrykk på gjestane, seier han.

Dagros på tallerkenen

På restauranten bestemmer dei menyen etter sesongen og tilgangen på råvarer. Hauge ønskjer å fortelje ei historie med maten dei serverar.

– Vi har jobba lenge med å finne dei rette råvarene og leverandørane. Vårt ønskje er å gi råvara ein identitet. Ein biff er ikkje berre ein biff, men kanskje Dagros frå Jæren, fortel kokken.

Namnet på restauranten, «Nemesis», kom frå dette ønskje om å tilby gjestane noko ekstraordinært.

– Nemesis er gudinna for overmot og arroganse. Det er den krafta i deg som får deg til å overprestere og hele tida ville gi meir. Når gjestene kjem til oss vil vi styre kvelden deira og lage ei større oppleving ut av det, og det er det som driv oss, seier Hauge.

Jan-Erik Hauge

TRAVEL TID: 27-åringen frå Bremanger har travle dagar på restauranten i Oslo.

Foto: Einar Espeland / NRK

Frå oppvasken til landslaget

Interessa for kokkeyrket fekk han under ei arbeidsveke i åttande klasse. Då stod han i oppvasken på Knutholmen i Kalvåg.

– Eg vart veldig engasjert i det som skjedde på kjøkkenet, atmosfæren der og sjølve aspektet med å drive ein restaurant, fortel Hauge.

Han gjekk vidare på restaurant- og matfaglinja på Måløy vidaregåande skule, der møtte han eit godt miljø og gode lærarar som løfta han fram. No er han med på det norske kokkelandslaget.

Neste verdsmeisterskap i kokkekunst er i slutten av november i 2018. Med eigen restaurant og øving til VM, bli det ikkje tid til mykje anna.

– Det er ikkje tid til å kvile, så det blir få frihelgar neste år, seier han.