Hopp til innhold

Ny app skal gjere oljebasen meir effektiv

FLORØ (NRK): No samarbeider bedrifter ved Fjord Base i Florø for å gjere drifta effektiv og miljøvennleg. Dei som jobbar «på golvet», bestemmer kva som skal bli gjort.

Fjord Base i Florø

LEVERING: Her skal dei hente eit røyr på 300 kilo frå lasset. Røyret skal til Statoil.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Vi såg behovet for betre flyt mellom leverandørane, og målet er å få ei meir effektiv og konkurransedyktig base, seier administrerande direktør, Leif A. Stavøstrand i Saga Fjordbase.

Ved oljeforsyningsbasen i Florø er 50 bedrifter og 570 tilsette samla. I fjor haust starta fleire av verksemdene opp eit samarbeidsprosjekt, Project Lean and Green Base, for mellom anna å minske utslepp ved anlegget.

Samarbeid på tvers av bedriftene

Sjølv om ei styringsgruppe har overblikk over prosjektet kjem etterspurnaden og ideane frå dei som jobbar ute i feltet.

– Det er arbeidsgruppene som styrer korleis vi skal gjere ting. Det er dei som kjenner drifta best, og veit kor skoen trykkar, seier Stavøstrand.

Fjord Base, Florø. Leif A. Stavøstrand og Øystein Herstad

ENGASJERTE: Leif A. Stavøstrand i Saga Fjordbase og Øystein Herstad i Petroleum Services, seier engasjementet har vore stort blant dei som jobbar der for det nye prosjektet.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Arbeidsgruppene består av folk som jobbar i den daglege drifta på anlegget. Dei har møter kvar 14. dag og ifølge Stavøstrand har det vore stort engasjement rundt samarbeidet. Øystein Herstad som er tilsett i Petroleum Services, seier prosjektet allereie har gitt gode resultat.

– Vi har halvert køyringa inn og ut av basen. Vi har mykje betre kommunikasjon og samarbeid, og kjenner dei andre bedriftene her betre, seier han.

Effektiv drift

Fleire tiltak er sett i gang for å gjere jobben meir effektiv. Mellom anna har ein moglegheit til å haike med kvarandre på tvers av bedriftene når ein har mindre leveransar. Dette gjer også utslag for miljørekneskapen.

Røyr ved Fjord Base i Florø

RØYR: Tunge røyr som ligg klare ved Fjord Base. Røyra blir brukt i oljenæringa.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Der ein før frakta inn berre eit eller to røyr, lagar vi no til samlesett der ein kan køyre inn fire til fem jobbar samstundes. Det er miljøgevinsten vår, seier Herstad.

Ein ny app hjelper også til i effektiviseringa. Der kan dei tilsette registrere alle leveransar, så snart dei får ein bestilling.

– Alle som er involvert vil sjå at det er ei levering på gang, og ein slepp ein del mailar og telefonar når ein berre kan gå inn på appen og sjå, seier Herstad.

Vil også minske bilkøyringa

Oljeforsyningsbasen strekker seg no heile tre kilometer frå den eine kanten til den andre, og etter utbygging blir det nærmare fem, ifølge Stavøstrand. Han innrømmer at det blir ein del bilkøyring rundt på anlegget når dei tilsette skal komme seg rundt.

– Ja, det er noko vi tenker på kvar dag. Vi har no kjøpt inn ein basebuss, som kan frakte dei tilsette. Også er det nokon som syklar, seier han.

Fjord Base i Florø

STORT AVSTANDAR: I dag er basen tre kilometer lang frå vest til aust. I åra framover vil basen vekse.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK