Trur på nye arbeidsplassar i Florø

FLORØ (NRK): Etter oppseiinger og nedgang i aktiviteten ved Fjord Base i Florø, går det no mot lysare tider for ein av Norges største oljeforsyningsbasar.

Leif A. Stavøstrand

OPTIMISTISK: Leif Stavøstrand, administrerande direktør i Saga Fjordbase, seier dei har mange prosjekt på gang.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen

– Det er naturleg å tru at med såpass aktivitet som vi kan forvente i 2019, vil vi kanskje trenge nokre fleire hender for å få det utført.

Det seier Leif Stavøstrand som er administrerande direktør i Saga Fjordbase i Florø. Etter ein nedgang i aktiviteten ved Fjordbasen i Florø, ser framtida no lys ut for norges største oljeforsyningsbase.

– Vi vart ramma som alle andre. Vi hadde 620 tilsette på basen i 2015 og i dag ligg vi på rundt 570. Men no kan vi langt på veg seie at vi ikkje trur det blir fleire oppseiingar, seier han.

Fjordbase i Florø

INDUSTRI: For tida er det høg aktivitet på kaia i Florø der Fjord Base held til.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen

Stor aktivitet i 2019

For Fjord Base i Florø ser 2019 ut til å bli eit godt år, med fleire store oppdrag under planlegging.

– Då kjem Snorre Expansion-prosjektet i gong. Dette er ei kjempeutbygging til 24–25 milliardar. Vi i Florø er ein liten del av det, men vi får ein del aktivitet av den utbygginga, fortel Stavøstrand. Snorre Expansion-prosjektet er Statoil si vidareutvikling av Snorrefeltet.

Stavøstrand fortel at dei og er i dialog med Zephyr som planlegg utbygginga av ein vindmøllepark på Guleslettene.

– Dei seier utbygginga der mest sannsynleg blir i 2019. Då er det er ein god del vindmøller som skal over basen her, så det blir eit spennande prosjekt for oss, seier han.

Fram mot dei større prosjekta i 2019 så er det høg aktivitet på oljebasen i Florø.

– Vi skal klare oss greitt med den røyraktiviteten vi har no, som er høg. Vi har og bra med forsyning for Statoil. I dag leverer vi til to flyteriggar og vi håpar og trur at det er aktivitet som vi kan sjå meir av framover, seier Stavøstrand.