Hopp til innhold

Nordmenn er fødde med ski på beina, men ikkje i Lærdal

LÆRDAL (NRK): Dei seier nordmenn er fødde med ski på beina. I Lærdal blir dei fødde med skeiser ...

Skeiseisen i Lærdal

AKTIVITET: I kring 70 år har Lærdal hatt eit aktivt skøytemiljø. Når klimaet spelar på lag har både små og store ei skøytebane på 400 meter, moderne klubbhus og god belysning.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Skeiseinteressa stammar frå 50-60-talet. Sidan har det alltid vore ivrige eldsjeler som har tatt den største lasten med å føre tradisjonen vidare, seier Finn Hauge, leiar i den einaste aktive skeisegruppa i fylket, Lærdal Idrettslag.

Aktiviteten blomstrar

Skeiseisen i Lærdal

VEL VERDT: – Det er mykje hardt arbeid å ha naturis i Lærdal. Av og til blir ein skuffa, men av og til blir ein premiert med forhold som dette. Den som er optimist held fram og står på, seier leiar i skeisegruppa, Finn Hauge.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Klubben har ikkje fostra løparar på nivå med Fred Anton Maier, Oscar Mathisen, Hjalmar Andersen eller Håvard Holmefjord Lorentzen. Ikkje enda. Men interessa blomstrar.

Mellom 40 og 50 born frå barnehage- til ungdomsskulealder stiller til trening og konkurransar. Legg ein til besteforeldre og foreldre, kan det med andre ord vere stor aktivitet på gamle Lærdal stadion på kveldstid.

– Vintertida er ganske mørk i Lærdal, så det er godt å komme seg ut saman med borna og treffe andre i lyset på skøytebana. Dette er kjempeviktig, seier mor Guro Eri Jakobsen.

Lærdals «Mr. Skeiser»

Medan idretten dalar i popularitet andre stader i landet, stortrivast borna på isen i Lærdal.

Lærdal skøytestadion

POPULÆRT: På denne bana har skeisegruppa i Lærdal fostra skeiseløparar som har hevda seg i Noregscupen, men varierande forhold på vintertid gjer det utfordrande for lærdølene å oppnå dei største resultata.

Foto: Jarle Offerdal /

– Eg byrja då eg var sju år gamal og er på bana annankvar dag. Det er gøy å konkurrere, seier Vegard (9) og presiserer at det er «Kåre» som har lært han å gå fort på skeiser.

Denne «Kåre», er Kåre Øyri (70). Også kalla Lærdals «Mr. Skeiser». På vintertid vier Øyri det meste av pensjonisttilværet på borna.

Sjølv la han grobotn for skeiseinteressa som liten spire i Fresvik. I godt vaksen alder har konkurrert i Heerenveen, Insel, Berlin og Salt Lake City. Nyleg tok han bronse på 500 meter under veteran-NM i Vikingskipet.

– Ungane inspirerer meg. Å trene dei og å sjå framgang er reine medisinen for meg, seier han og er snar med å legge til at han ikkje er åleine om å halde liv i skeiseinteressa i Lærdal.

Blant dei tørraste

Skeiseisen i Lærdal

FOR ALLE: I Lærdal er alder ingen hindring om ein likar seg på skeiseisen.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

For det krevst fleire eldsjeler. Lærdal er blant dei tørraste og mest nedbørsfattige kommunane i Noreg. Det gjorde at bøndene allereie på 1200-talet såg seg nøydde til å ta i bruk kunstig vatning.

Det tørre klimaet gjer dei mest tradisjonelle vinteridrettane blir meir utilgjengelege for lærdølene. Sidan dei er prisgjevne klimaet, blir det heller ikkje skeiseis kvar vinter.

– Vi har fantastiske lærdøler som gjer alt dei kan for at isen skal vere tilgjengeleg for alle, seier Eri Jakobsen.

I det moderne klubbhuset har klubben skeiser, rulleskeiser og tryggleiksutstyr til dei som treng låne.

– Her skal det vere plass til alle. Alle skal med. Fokuset vårt er trivsel og å ha det kjekt, seier Hauge.