Hopp til innhold

Nokre dagar har ho ingen kundar innom butikken

På Svanøya bur det 50 innbyggarar, men landhandelen er ope sju dagar i veka. Det er det gode grunner til.

Lisa Myklebust ved Svanøy Landhandel

KREATIV: Lisa Myklebust har mykje fritid inne på landhandelen. Den har ho mellom anna brukt til å skrive barnebøker og utvikla ein turist-app.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Det går litt treigt på vinteren, seier Lisa Myklebust (27), som er butikkarbeidar ved Svanøy Landhandel.

Butikken som ligg ytst i Flora driv godt på sommarhalvåret. Men resten av året er det stille. Nokre dagar kjem gjerne berre ein kunde innom.

Andre dagar kjem ingen.

– Men det går heilt greitt, for då får me gjort andre ting også, seier Myklebust.

Ho meiner likevel at det er viktig å halde butikken i gang.

– Me har eit mål om at dei som bur her ikkje skal måtte reise nokon andre plassar for å handle, seier ho.

Ledige stunder har ho mellom anna brukt til å skrive barnebøker og utvikla ein turist-app.

Svanøy Handel

AKTIVITETSSENTER: Nærbutikken Svanøy handel driv sykkelutleige, pub og quiz kvar veke. I tillegg skal det bli utleige av kajakkar.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Det bankande hjartet i bygda

– Nærbutikken har ei vertskapsrolle og skal vere kommunen sin forlenga arm i bygda, seier Ronny Mowatt, som er konsulent i Merkur.

Sidan 1995 har det statlege Merkur-programmet sørga for å halde liv i lokalbutikkar i mange av de minste bygdene i Noreg. Målet er å sikre folk i distriktet gode tenester og tilgang til daglegvarer.

– Ein god nærbutikk skapar liv og røre, seier Mowatt.

Fordi det ofte er vanskeleg å drive utan stønad, reiser Merkur-programmet rundt i Noreg og tilbyr opplæring til kjøpmenn.

– Eg møter positive folk overalt der vi dreg, som har butikkar som gjer heile forskjellen i lokalsamfunnet, fortel Ronny Mowatt.

I alt er det heile 586 Merkur-butikkar i Noreg, med dei fleste på Vestlandet og i Nord-Noreg.

Programmet kan skryte av å ha meir lojale kundar enn butikkane som ikkje er del av tiltaket, og i gjennomsnitt tilbyr kvar av desse butikkane 3-4 tilleggstenester.På Svanøy har dei mellom anna post, sykkelutleige og kafè.

Ronny Mowatt i Merkur.

VERTSKAPSROLLE: Nærbutikken har ei vertskapsrolle og skal vere kommunen sin forlenga arm i bygda, seier Ronny Mowatt.

Foto: Merkur

Like mange ølsortar som fastbuande

Nyleg vann Svanøy Landhandel ein pris for beste nærbutikk på Nordvestlandet. I tillegg til å vere ein landhandel, tek butikken imot post.

Den har også ein pub, som tek mål av seg å føre like mange ølsortar som det er fastbuande på øya.

I Fresvik bidreg musikkfestivalen Fres sterkt til at bygda kan halde seg med heilårsopen nærbutikk.

– Den er sjølvsagt viktig. Vi treng all omsetnad vi kan få. Desse dagane er det stappfullt, og som regel kø frå inngangsdøra og rundt heile butikken og fram i kassen, seier butikksjef Olaug Lindborg hos Coop Marked Fresvik.

Langt til Florø, der peparen gror

Steinar Skorpeide er stamkunde ved Svanøy Landhandel.

Han meiner butikken er nødvendig for at øysamfunnet skal klare seg.

– Det er eit viktig samlingspunkt. Alt vert planlagt rundt denne butikken, seier han.

Steinar Skorpeide

FOR LANGT: Steinar Skorpeide meiner det ville vore drygt å skulle reise inn til Florø kvar gong ein skal handle daglegvarer, og er begeistra for at butikken er ope kvar einaste dag.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Trass i at det ikkje er så mange kundar, er han sjeleglad for at butikken held ope heile året.

– Dersom me ikkje har butikken, så går det dårleg med heile øya. Me kan ikkje dra til Florø for å handle pepar.