Hopp til innhold

Denne festivalen sikrar nærbutikken

Sommaren er viktig for mange småbutikkar. I Fresvik bidreg musikkfestivalen Fres sterkt til at bygda kan halde seg med heilårsopen nærbutikk.

Dei tre dagane festivalen varer har butikken like stor omsetnad som den elles har i løpet av heil sommarmånad.

– Den er sjølvsagt viktig. Vi treng all omsetnad vi kan få. Desse dagane er det stappfullt, og som regel kø frå inngangsdøra og rundt heile butikken og fram i kassen, seier butikksjef Olaug Lindborg hos Coop Marked Fresvik.

Fres
Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK