Hopp til innhold

Omsetningsrekordar over heile fylket

Alle kjøpesentra i Østfold melder om auka sal eller salsrekordar.

Fasadebilde av Askimtorget.

Både Askimtorget og dei andre kjøpesentra i Østfold NRK har snakka med, melder om auka omsetning i 2023.

Foto: Håvard Lippestad

– Vi har lagt bak oss eit fantastisk bra år. Vi har hatt omsetningsrekord og har endeleg nådd målet på 500 millionar.

Det er ein svært glad senterleiar for Askimtorget NRK har på tråden. Håvard Lippestad seier at dei slett ikkje var sikre på at fjoråret skulle bli så bra som det faktisk vart.

Håvard Lippestad

Senterleiar Håvard Lippestad hos Askimtorget seier at senteret har lagt eit fantastisk år bak seg.

Foto: Håvard Lippestad

– Vi er kjempegode på å uroe oss. Vi uroar oss nesten alltid når vi ser at renta går opp eller straumprisane aukar.

Les også Så dyr tror kraftanalytikeren strømmen vil bli i vinter

Olav Johan Botnen

Han seier senteret opplevde omsetningsrekordar i 32 av 52 veker.

– Det vi ser, er at varer som folk må ha i det daglege framleis går veldig bra. Det er nok langt tøffare for dei som sel kapitalvarer, som til dømes bil, trur han.

Omsetning versus sal

Prisauke påverkar naturlegvis omsetning. Når prisen på varer og tenester er høg, vil også omsetninga vera høg. Det betyr ikkje nødvendigvis at vi handlar meir. Når vi først handlar, betalar vi meir for produktet eller tenesta enn vi gjorde tidlegare. .

Ifølgje SSB må vi tilbake til 80-talet for å finne tilsvarande prisvekst som i 2022 og 2023:

Les også Matprisane auka med 10 prosent i 2023

Vibeke Gustad og Per Øyvind Bjørshol i matbutikken i Kristiansund

Var ikkje særleg til optimist

I Fredrikstad er det mange som har vore uroa for sentrumshandelen. For det første måtte halvparten av kjøpesenteret Torvbyen stenge etter setningsskadar. 35 butikkar måtte dermed legge ned drifta. I tillegg har mange gater i sentrum vore einvegskøyrde eller sperra på grunn av arbeid med vatn og avløp.

Hos nokre butikkar har kundane nærast forsvunne.

Les også Butikken til Patrick er «innesperra»: – Vi håpar det går fort

Patrick Pedersen, daglig leder i Martinsen og Sønn

Leiaren av Fredrikstad næringsforeining hadde ikkje mykje tru på omsetninga i sentrum i 2023. Men no er tonen ein litt anna:

– Året blir mykje betre enn vi hadde rekna med. Sjølv om vi ikkje har tala klare, kan vi slå fast at det blir ein netto vekst. Vi var litt for forsiktige då vi estimerte, seier dagleg leiar Kjell Arne Græsdal.

Les også Systembolaget vil ikke røpe grensetall

Skilt Systembolaget

– Det er litt urettferdig konkurranse

Østfoldhallen ligg i utkanten av Fredrikstad. At dei har tent på at ein konkurrent har stengt, legg ikkje senterleiar Anne Vik skjul på:

– Det har ført til at mange av butikkane våre er åleine i Fredrikstad, og då er det jo hyggeleg at folk har funne vegen hit. Men vi har stor respekt for den vanskelege situasjonen som Torvbyen er i, så det er litt urettferdig konkurranse, eigentleg.

Les også Har videreført pleksiglass etter pandemien: – Oppleves som en trygghet

Kiwi-ansatt i grønne klær står bak pleksiglass og vasker det med en spray mens hun ser inn i kameraet.

Passerte ein milliard

Hos Amfi Borg i Sarpsborg passerte dei ein milliard i omsetning, og auka dermed med 9,5 prosent frå 2022.

– Vi har fleire besøkande, og faktisk eit litt høgare snittsal enn i forfjor. Vi ser at kundane i større grad enn før har ete og drukke på huset. Andre bransjar som har gjort det bra, er hus og heim og klede og sko.

Fleire av dei andre senterleiarane NRK har snakka med, seier også at serveringsbransjen har auka.

Held igjen tal

Storbyen i Sarpsborg går ikkje ut med årstal før 15. januar. Dei seier likevel at omsetninga under julehandelen auka med 7,5 prosent. Torvbyen i Fredrikstad har heller ikkje tal klare.

Omsetning hos kjøpesentre

Senter

Kommune

Omsetning 2023

Endring fra 2022 i %

Amfi Borg

Sarpsborg

1.014 millioner

9,5

Amfi Moss

Moss

Ikke opplyst

7,7

Askimtorget

Askim

Rundt 500 millioner

8,6

Fredrikstad sentrum

Fredrikstad

Ikke klar

Netto vekst

Mosseporten

Moss

703 millioner

2 prosent

Rygge Storsenter

Moss

989 millioner

4,1

Storbyen

Sarpsborg

Ikke klart

Ikke klart

Tistasenteret

Halden

Ikke opplyst

5,5 prosent

Torvbyen

Fredrikstad

Ikke klart

Ikke klart

Østfoldhallene

Fredrikstad

1.300 millioner

0

Ekspander/minimer faktaboks

Flere nyheter fra NRK Østfold

Hjortelus på en hånd

Hjortelusa ble lurt av varmen i mai

Bil påkjørt av tog i Østfold

Tog har treft ein bil i Sarpsborg – ein omkommen