Hopp til innhold

No vil dei oppdra turistane i beltebruk i buss

Droppar du bilbelte i buss kan du bli straffa med 1500 kroner i gebyr. Når busspassasjerar frå heile verda dei neste månadane turnerer rundt i landet, er Vegvesenet sitt hovudfokus å lære dei å bruke belte.

Anne Margrethe Bøe i Statens vegvesen

MÅ BLI KLAR OVER RISIKOEN: Anne Margrete Bøe i Statens vegvesen seier det er stor skilnad frå land til land kor mykje fokus det er på trafikktryggleik. – For oss er det veldig viktig at folk brukar belte for sin eigen og andre sin tryggleik i buss.

Foto: Privat

– Eg trur det vil bli skrive ut gebyr innimellom. Men eg trur ikkje det blir skrive ut tusenvis til passasjerane i utanlandske turbussar, så lenge dei ikkje er klar over at dei er pliktige til å bruke belte, seier rådgjevar Anne Margrethe Bøe i Statens vegvesen region Vest.

Stoppar bussar der alle sit utan

Etter mange kampanjar veit dei fleste norske busspassasjerar at det er påbode med belte i buss.

Med sommaren like om hjørnet har Vegvesenet ei utfordring: Busspassasjerar frå land der bruk av belte i buss er nærast eit framandord.

– Vi veit at utekontrollørane våre stoppar turbussar med utanlandske passasjerar der alle sit utan belte. Så det er framleis mange som ikkje veit kor viktig det er å bruke belte, og mange som ikkje veit at det er påbode i Norge, seier Bøe.

Sist veke skreiv utekontrollørane på kontrollstasjonen på Håbakken i Lærdal ut fleire beltegebyr til russiske busspassasjerar.

Kristian Jørgensen

SAMARBEID: Kristian Jørgensen i Fjord Norge As trur mange må engasjere seg for å få ut nok informasjon om bruk av belte i buss. – Håpet mitt for den første sommaren er at vi ikkje brukar tida på å bøtelegge, men på informasjon, seier han.

Foto: PRIVAT

Fryktar negativ omtale

Kristian Jørgensen, administrerande direktør i Fjord Norge As, trur mange slike gebyr kan slå uheldig ut for reiselivsnæringa.

– Eg trur det er veldig mange som kjem hit og ikkje veit at det er lovpålagt i Norge. Om dei ikkje veit om det, og blir stoppa og bøtelagt, vil det innebere veldig negativ omtale av Norge som destinasjon.

– For å setje det i perspektiv, 1500 kroner er nesten ei halv månadsløn for ein austeuropear. Så dette kan verkeleg svi, langt utover det vi eigentleg hadde tenkt.

Både Vegvesenet og reiselivsaktøren Fjord Norge trur informasjon er nøkkelen for å få dei utanlandske bussturistane til å skjerpe seg. Jørgensen seier dei har informert om beltepåbodet til turoperatørane gjennom både produktmanualar og nyheitsbrev.

– Men vi informerer kjøparen i turoperatøren. Utfordringa er å få informasjonen til å gå vidare til bussjåføren, til guiden og til dei som sit på bussen.

– Fornuftig bruk av ressursar

Bøe i Vegvesenet seier dei i sommar vil dele ut ein informasjonsfolder om beltebruk på engelsk, i tillegg til at dei jobbar med informasjon opp mot dei store busselskapa.

– Hovudfokuset er å lære turistane at dei må bruke belte for tryggleiken si skuld, ikkje for gebyret sin del.

Ho trur ikkje norske busspassasjerar vil kjenne seg forskjellsbehandla.

– Eg trur dei fleste norske forstår at om vi stoppar ein buss der 50 passasjerar sit utan belte og knapt går an å kommunisere med, så vil det å dele ut informasjon vere fornuftig bruk av våre ressursar.