– Det er veldig kjekt å sjå at no set vi faktisk i gang. Og det har gått etter planen heile vegen, seier Kjell Inge Solhaug.
Han er prosjektdirektør for nye Førde sjukehus. Dette er ein dag han har venta lenge på. Heilt sidan han vart tilsett i Helse Førde i 2014 har han jobba med dette.
Måndag er offisiell byggestart, og Helse Førde-sjef Arve Varden skal leggje ned den første grunnsteinen rundt klokka 12.
Prosjektet kjem til å koste 1,6 milliardar kroner totalt.
Nøgde tilsette
Helse Førde opplyser at det nye sjukehuset er det største byggeprosjektet i fylket sidan Førde sentralsjukehus vart bygt i 1979.
Det første som skal byggast er avdelinga for psykisk helsevern. Børge Tvedt meiner bygget er framtidsretta og godt eigna for pasientane. Bygget skal stå klart i byrjinga av 2021. I underkant av to år til.
– Vi er veldig glade for at vi no er i gang med eit nybygg for psykisk helsevern. Dette er veldig etterlengta, seier direktøren for psykisk helsevern i Helse Førde.
Når flyttinga skal skje er det 200–250 tilsette som skal med. Det blir 18 pasientrom, 23 pasientrom. kontorplassar til rundt 80 behandlarar.
– Korleis har dei tilsette og di avdeling blitt tekne med i byggeprosessen?
– Vi synest det har vore ein veldig god prosess. Vi har hatt både fagfolka og leiarane våre og tilsette, vernetenesta og dei tillitsvalde med i prosessen, seier Tvedt.
Administrerande direktør Arve Varden har tidlegare sagt at han håpar at pasientane skal få eit så godt helsetilbod som mogleg under bygginga.
– Dei vil nok merke at det skjer bygging og endring, men vi har veldig fokus på at vi skal greie å fornye oss, samstundes som vi skal gi gode helsetenester. Det er eit viktig og sentralt moment i den prosessen vi går inn i no.
Når byggeprosjektet er ferdig i 2027 så har sjukehuset fått 11.000 nye kvadratmeter. Helse Førde står sjølv som byggherre.