Skal bruke 1,6 milliardar kroner – slik blir nye Førde sjukehus

FØRDE (NRK): Styret i Helse Førde har no gitt grønt lys til å starte bygginga av nye Førde sjukehus.

Nye Førde sjukehus

NYBYGG OG MODERNISERING: Slik skal nye Førde sjukehus sjå ut.

Foto: Norconsult

– Det er første gong i mi tid i styret at vi har hatt applaus rundt styrebordet. Det var velfortent i dag, seier styreleiar Agnes Landstad.

Det er eit stort prosjekt som er på gang. Planen er to nybygg aust for sentralsjukehuset og ei omfattande modernisering av høgblokka. Planlegginga har vart i meir enn fem år og nybygget kjem til å koste 1,65 milliardar kroner.

Landstad seier det ikkje var overraskande at vedtaket gjekk gjennom.

– Det er gjort eit grundig arbeid i heile organisasjonen over mange år, både med å planleggje tenesteutviklinga og bygningane vi vil ha bruk for.

Bygging i ti år

Moderniseringa kjem til å prege sjukehuset i Førde dei neste 10 åra. Dette er det største prosjektet sidan sjukehuset blei bygd i 1979, og etter planen skal bygginga vere ferdig i 2027.

For Helse Førde er prosjektet naudsynt for at Førde sjukehus i framtida skal kunne gje folk i fylket spesialisthelsetenester med den same kvaliteten som elles i landet.

Administrerande direktør Arve Varden håpar at pasientane skal få eit så godt helsetilbod som mogleg under bygginga.

– Det vil nok i nokre samanhengar oppleva at vi er under bygging og endring, men vi har veldig fokus på at vi skal greie å fornye oss, samstundes som vi skal gi gode helsetenester. Det er eit viktig og sentralt moment i den prosessen vi går inn i no, seier han.

11.000 nye kvadratmeter

Byggeprosjektet gjev Førde sjukehus 11.000 nye kvadratmeter og det blir ei ombygging av om lag 40.000 kvadratmeter. Prosjektet blir finansiert av lånemidlar frå Helse- og omsorgsdepartementet og eigenfinansiering.

No skal styret i Helse Vest behandle saka i desember, og etter det kan arbeidet starte.

Styremøte i Helse Førde

VEDTAK: Styret i Helse Førde har no gitt grønt lys til å starte bygginga av nye Førde sjukehus.

Foto: Raymond Lidal / NRK