Hopp til innhold

No skal kritikaren av nærpolitireforma sette den ut i livet

Måndag hadde Arne Johannessen sin første arbeidsdag som ny einingsleiar i Sogn og Fjordane Vest politidistrikt.

Arne Johannessen

POLITISJEF: Arne Johannessen er ny einingsleiar i Sogn og Fjordane Vest politidistrikt.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Den tidlegare lensmannen, regionlensmannen og tillitsvalde er dermed i gang med ein ny epoke.

– Første arbeidsdagen hadde eg i Sogn, den andre i Sunnfjord og den tredje skal eg vere i Nordfjord.

Johannesen, som har vore ein av dei største kritikarane av nærpolitireforma, fryktar ikkje å møte deg sjølv i døra, når han blir den som skal sette den ut i livet i her i fylket.

– Eg seier som Knut Storberget sa mange gonger til meg. Det er ikkje farleg å møte seg sjølv i døra dersom du kjenner deg sjølv igjen. Det er viktig. For meg handlar det om å ha nokre grunnleggande verdiar og prinsipp. Dei hadde eg som tillitsvald og dei har eg som politileiar.

Han meiner det tvert i mot kan vere ein fordel at han har vore kritisk til fleire deler av reformarbeidet.

– Det er nok av dei med tunnelsyn som tykkjer alt er berre fryd og gaman. Når det er sagt så er det også min fordømte jobb å gjennomføre det som er bestemt politisk, seier Johannessen.

Sykle frå Sogn til Sunnfjord

Den nye einingsleiaren for politiet i fylket er ein ivrig syklist, og så langt i år har han lagt bak seg 10 000 kilometer på sykkelsetet.

– Det er kanskje litt meir enn gjennomsnittsmosjonisten, og endå er det tre månadar igjen av året.

I den nye jobben sin får han kontorstad i Førde, og sjølv om han fryktar at det blir mindre tid til sykling som einingsleiar for politiet i Sogn og Fjordane, så har han framleis ambisjonar.

– Eg kjem nok til å ta nokre turar på sykkel mellom Hafslo og Førde, det kan eg garantere. Men det vert ikkje kvar dag, ler Johannessen.

Stor omstilling

Det er vedteke å leggje ned sju lensmannskontor i Sogn og Fjordane i samband med omstillinga. Johannessen er oppteken av at innbyggarane skal få like gode polititenester i framtida som dei har i dag.

– Vi er inne i ei svær omstilling og mange er skeptiske. Eg tenker at vi jammen skal bevise at politiet i Sogn og Fjordane skal levere varene også i framtida.