Hopp til innhold

No sel dei huset «der ingen skulle tru» ...

I fjor gav familien Flæte Lyngset opp livet på veglause Frønningen. No har dei lagt ut huset for sal.

Lyngset-huse på Frønningen

HUS MED UTSYN: Familien Flæte Lyngset har lagt huset på Frønningen ut for sal.

Foto: priat

– Det kjennest ikkje heilt godt, men den kjensla har vi gått med i snart to år, etter at vi fekk vite kor dårleg ferjetilbodet til Frønningen vart, seier Kari Helene Flæte Lyngset, som saman med familien no er på ferie heime i Sogn.

Familien vart godt kjend då NRK laga eit program i serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» frå Frønningen, som ligg i Lærdal kommune. Dei bygde hus på heimegarden til mannen i familien, Reidar Lyngset, i 2008, og hadde tru på eit liv i bygda, som manglar veg til omverda.

Kari og Reidar Lyngset

TRIVST I LOFOTEN: Kari Helene Flæte Lyngset og Reidar Lyngset.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Ferjetilbodet vart for dårleg

Etter kvart auka talet på familiemedlemmer frå to til fire. Samstundes gjorde dårlegare ferjetilbod at det ikkje lenger var så greitt å bu på «ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

– Då vart einaste løysinga å flytte, for vi kunne ikkje lenger kombinere familielivet på Frønningen med jobb. Og vi var klare over at vi måtte selje huset.

Birger Lyngset ferje

FOR SJELDAN INNOM: Ferja som er livsnerven for Frønningen, gjekk ikkje ofte nok til at familien Flæte Lyngset kunne halde fram å bu der.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

I fjor flytta dei frå huset og bygda og busette seg på Laupstad i Vågan kommune i Lofoten, og der har dei funne seg godt til rette.

– Vi har hatt eit fantastisk år, sjølv om det er langt frå det kjende og nære, og der vi ikkje hadde familie og vener. Men vi har kome oss kjempegodt på plass, og når vi kjem tilbake etter ferien skal vi flytte inn i eit hus vi har kjøpt der. Så eg reknar med at vi skal ha ei fin framtid på Laupstad i Lofoten.

Håpar å kunne auke folketalet att

No er huset deira på Frønningen lyst ut for sal.

Før familien Flæte Lyngset flytta frå Frønningen var det 13 fastbuande. No er talet nede i sju. Kari Helene Flæte Lyngset og mannen håpar at dei kan få selt huset til folk som vil busette seg på Frønningen.

– Vi var heldige som fekk åtte år på Frønningen. For meg som innflyttar var det eit privilegium å bu der. No hadde det vore kjempeflott om vi kunne levere nøkkelen vidare til nokon som tenker på same måten.

Men ho ser det som mest realistisk at huset blir selt til folk som vil ha det som feriebustad.

– Ja, diverre er det nok det. Det er mogeleg å regulere det om til feriebustad, for det er ikkje buplikt der. Det er ein fordel for oss som skal selje, men det er ikkje nokon fordel for Frønningen.

Familien Lyngset

FARVEL TIL HUSET: Kari Helene og Reidar med sønene Olav og Magnus på verandaen på Frønningen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK