Kari og Reidar Lyngset
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Gir opp det veglause livet

FRØNNINGEN (NRK): Familien Lyngset håpa i det lengste at dei kunne bli buande i den veglause grenda Frønningen, men med eit redusert ferjetilbod blei det rett og slett umogleg å kombinere idyllen med jobb og familieliv.

– Ein kan gjerne seie at vi var naive, men vi ville sjølvsagt tru på at det gjekk an å ha ei framtid på Frønningen, seier Kari Helene Flæte Lyngset.

Draumen om eit veglaust liv 500 meter over havet gjorde at Kari Helene og Reidar Lyngset bygde seg hus på Reidar sin heimstad i 2008. Etter berre åtte år flyttar dei.

Kari og Reidar Lyngset

FLYTTAR: Kari Helen Flæte Lyngset og Reidar Lyngset flyttar frå draumen sin på Frønningen. No ventar eit nytt liv.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Den gongen var det 11 fastbuande på Frønningen. Sidan har både Olav (3) og Magnus (1) kome til verda og er i dag dei einaste borna her. Men sjølv med 13 innbyggjarar har grenda i Lærdal kommune berre rett på ferje tre gonger i veka.

I førre sesong av livsstilsprogrammet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» stifta TV-sjåarane kjennskap til bygda Frønningen og mellom anna familien Lyngset. Også då var dei i tvil om framtida her.

– No er eventyret slutt. Og det er i hovudsak på grunn av ferjetilbodet som har blitt så dårleg, fortel Reidar.

Kari Helene jobba både før og etter ho fekk eldste sonen Olav og ferje gjekk kvar dag. Men etter andre ungen vart det litt meir krevjande å få kabalen til å gå opp og returnere til arbeidslivet i ambulansetenesta.

– Etter kvart kom nyheita om at ferjerutene vart redusert. Så då gjekk vi frå eit ferjetilbod sju dagar i veka til under halvparten, fortel ho.

Vi kjente lenge på kjensla av at no sviktar vi Frønningen.

Reidar Lyngset

– Ein slit seg ut berre ved å gruble på korleis ein skal komme seg til og frå. Dei fleste kjem jo seg heim att den dagen dei går på fri, men eg må gjerne vente ein dag eller så før eg kjem meg heim, fortel Kari Helene.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frønningen Lærdal Fjord2

MED FJORDEN SOM VEG: Innbyggjarane er heilt avhengige av ferja for å komme seg til og frå Frønningen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Ei tung tid

Paret innsåg i løpet av hausten i fjor at dei ikkje kunne halde fram å bu slik.

– Det var ei tung tid. Det var faktisk så gale at eg mista nattsøvnen ei stund. Vi kjente lenge på kjensla av at no sviktar vi Frønningen og bryt opp heile samfunnet, seier Reidar.

No gir dei slepp på det dei har bygd opp av hus og heim, men tankane har kverna rundt enda større spørsmål enn det å gje opp huset.

– Det var gale nok i seg sjølv, men vi tenkjer også på bror til Reidar som bur i nabohuset, og dei eldre som bur her. Kva kjem til å skje med heile bygda eigentleg?, spør Kari Helene seg.

Den store draumen

Ferje Reidar Lyngset

POSTMANN: Tre gonger i veka kjem det post med ferja som Reidar køyrer ut til resten av innbyggjarane.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Dei hadde eit stort ønskje. Eit ønskje og håp om at det gjekk an å leve her oppe i skogen.

Reidar har ansvaret for posten i bygda. Den kjem tre gonger i veka med ferja, og han syter for at den kjem fram til rett mottakar. Elles har han arbeidet sitt på Frønningen som snikkar og skogsarbeidar.

– Vi hadde jo ein plan når vi bygde hus om at kanskje Kari også skulle finne seg noko å drive med her, men det er ikkje alltid det går slik ein tenkjer, fortel Reidar.

Då dei bygde hus her håpa dei å kunne vise at det går an å bu på ein slik plass.

– Og ikkje minst så hadde vi lyst til å bu her. På den tida hadde vi eit håp om at det var andre som også ville satse på å komme hit og etablere seg, fortel Kari Helene.

Frønningen

Men det skjedde ikkje.

– Så til slutt vart vi nøydd til å vere egoistiske, men det er ilt å gje avkall på dette. Likevel er vi heldige som har fått opplevd dette livet her. Vi har trass alt hatt åtte gode år, seier Kari Helene.

Sjølv har Reidar vakse opp i den vesle grenda, men ser mørkt på framtidsutsiktene til heimplassen.

– No er det stort sett eldre folk som bur att her, og om ein vert pleietrengande kan ein ikkje vere her. Så her kan folketalet fort kome ned i berre tre personar på få år. Det er ikkje noko kjekk tanke å ha – at bygda eg er vaksen opp i går i oppløysing, seier Reidar.

Kjenner seg svikta av kommunen

Ekteparet fortel at det har prøvd å få hjelp frå kommunen til å mellom anna støtte opp om ei ferjerute på søndagen i tillegg til måndag, onsdag og fredag.

– Dei kunne i alle fall svare oss. Vi skjønnar at kommunane kan ha dårleg råd, og at det er pengane dei kan skulde på. Men det handlar om å ta innbyggjarane sine på alvor. Så det er frustrerande å ikkje bli høyrt, seier Kari Helene.

Om innbyggjartalet kjem under fem vil det seie at ferja ikkje pliktar å stoppe på Frønningen meir. Så lenge dei er mellom fem og 16 innbyggjarar har dei krav på tre yrkedagar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frønningen familien Lyngset
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Strekt oss så langt vi kan

Arne Glenn Flåten

TILBYR SØNDAGSTUR: Arne Glenn Flåten i Fjord2.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

I vinterhalvåret går ferja berre tre gonger i veka. Det er den garantien Fylkeskommunen står for rekna ut ifrå kor mange innbyggjarar dei er.

Tidlegare var det Fjord1 som hadde ruta, men er no teke over av privateigde Fjord2. Om sommaren er dette turistrute med dagleg avgangar. På vinteren gjeld det offentlege rutekjøpet frå Fylkeskommunen med tre gonger i veka. Då har selskapet eit fast honorar for å køyre den faste ruta.

– Stoppen på Frønningen er viktig for oss. Turistane er begeistra over at det bur folk der. Så det er synd for bygda at det no flyttar ein heil familie. Men eg skjønnar godt at dei må flytte. Det seier seg sjølv at når det berre går ferje tre gonger i veka, så vert det vanskeleg, seier Arne Glenn Flåten, dagleg leiar i Fjord2.

Ferjeselskapet har sjølv prøvd å gjere det dei kan for at innbyggjarane skal ha fleire ruter.

Hardingen
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi har sagt at alle på Frønningen får riksvegtakst og ikkje turisttakst, og på vinteren har vi prøvd å få til avgangar på søndagen. Vi er villige til å sponse litt og stille med mannskap, men vi er og avhengig av at kommunen eller fylkeskommunen er inne med noko meir midlar, slik at ikkje vi blir sittande att og må betale heile gildet sjølv, fortel Flåten.

Han legg til at dei verken har fått noko ja eller nei frå kommunen enda, og ventar håpar dei snart får ei avklaring på det. Summen dei då treng frå kommunen er på rundt 90.000 kroner i året.

Vanskeleg å finne pengar

Ordførar i Lærdal kommune, Jan Geir Solheim (Sp) seier han tykkjer det er synd at familien no må flytte frå Frønningen.

– Det er veldig trasig at vi ikkje klarar å få til ei løysing som gjer at dei kan bu der med små born. Vi har vore utfordra over lengre tid på det med å setje av pengar til ekstra ferjeruter. Vi har gjort det, men det er to år sidan no, og vi har avgrensa med pengar no. Det er minus på budsjetta og tomme fond, forklarar Solheim.

– Innbyggjarane på Frønningen føler seg oversett av kommunen, og etterlyser svar på førespurnader. Kvifor svarar ikkje kommunen?

– Det er veldig leit å høyre, og ikkje noko eg er stolt av. Eg har forståing for at dei kjenner det slik. Det har ikkje vore lett å svare på alt. Vi har hatt forhandlingar og snakka med ferjeselskapet, men det vert fort mykje pengar for kommunen, seier Solheim.

– Men kva med søndagsruta som Fjord2 er villige til å setje opp?

– Eg har blitt kontakta av Fjord2, men eg er usikker på om det er kome eit skriftleg tilbod på akkurat det.

Solheim trur likevel at dei måtte ha funne pengar til meir enn éin ferjeavgang for å kunne halde på familien. Ordføraren tykkjer det er trasig at det er pengespørsmålet som avgjer i slike saker, og meiner dei reduserte ferjeavgangane er ein effekt av ei sentralisering.

– Vi har èit sentrum i Lærdal og fleire grender. Frønningen er ein av dei. Det er klart at det er utfordrande å bu i utkanten av ein kommune. Og det er det i Lærdal også, ein må alltid kjempe for det ein vil ha, men slik burde det ikkje vere. Vi ønskjer jo ikkje at nokon flyttar ifrå oss, seier Solheim.

Ei avvikling av heile samfunnet

Olav Lyngset
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

På Frønningen har onkel Birger Lyngset og nevø Olav Lyngset fått ein god tone. Olav er interessert i gardsdrift og traktorar og hjelper gladleg til med sauene. Noko også broren Reidar gjer.

Birger trur det vert tomt utan familien i nabohuset.

– Det vert fire mindre det, og enda nærare ei avvikling av heile samfunnet. Det går litt på psyken laust å tenkje på at ein kan bli sittande att åleine, fortel han.

Som grendelagsleiar har han jobba for å få best mogleg kommunikasjon til Frønningen.

Birger Lyngset ferje
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Men når vår eigen kommune ikkje vil vere med å betale for ein utvida ruteproduksjon, så får vi berre dei tre dagane. Så eg er veldig skuffa over kommunen, seier Lyngset.

– Korleis ser du på eigen framtid her?

– No er eg blitt såpass gamal at å drive bruket vidare åleine. Til sjuande og sist så fører nok dette til at eg kanskje må avvikle før eg hadde tenkt, og ein er enda nærare ei total avfolking, fortel Birger Lyngset som minst tilbake då det var over 80 fastbuande på Frønningen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Birger og Olav Lyngset

GODE NABOAR: Olav og Birger Lyngset.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Startar nytt liv i Lofoten

Når dei først tok det tunge valet, valet om å forlate Frønningen, ville dei starte på nytt ein heilt ny stad. I nærleiken har dei hatt mange alternativ. Kari Helene sin heimstad Fresvik, Kaupanger og kommunesenteret Lærdal.

– Men då trur eg ikkje vi hadde hatt det så godt. Å bu like ved der vi eigentleg hadde ein draum om å bu. Å sjå ferja gå over fjorden til heimen vår, men vi kan ikkje vere med fordi det passar ikkje med jobben vår, seier Kari Helene.

I haust og utover mot vinteren har familien Lyngset vore gjennom ein sorgprosess med mykje grubling.

– Vi har snudd alle dei steinane det har vore råd å snu for å sjå om vi kunne finne ein måte som gjorde at vi framleis kunne bu her på Frønningen, fortel Reidar.

Birger og Olav Lyngset
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi hadde lyst til å få det til, men det vart så utfordrande at vi får det berre ikkje til. Så vi bestemte oss for å satse ein heilt ny plass. Ein plass verken eg eller Reidar har noko tilknyting til. Difor reiser vi til Lofoten til hausten, smiler Kari Helene.

Vi håpar vi no har funne vårt paradis nummer to.

Kari Helene Flæte Lyngset

Kva som skjer med huset på Frønningen er framleis uvisst, men feriar på Frønningen, det lovar dei at det blir.

Eit hus står allereie klart til dei frå 1. september ein liten plass utanfor Svolvær, Reidar har fått jobb, og ungane plass i barnehage.

– Det høyrest jo sikkert heilt sprøtt ut, og vi er ikkje typane som likar å flytte, men no må vi flytte, og då gjer vi det beste vi kan ut av det.

Familien har også fått tid til å besøke sin nye heim i nord.

– Naturen er jo ekstraordinær der som her. Eg føler at vi har klart å snu dette til noko positivt for vår del. Når vi ikkje klarte å få det til her, så skal vi klare å få det til ein annan stad. Vi skal få det bra i Lofoten vi, Reidar, seier Kari Helene og ser på mannen sin og smiler.

Etter åtte år i den veglause bygda flyttar familien Lyngset frå Frønningen.