Hopp til innhold

No opnar dei dørene – slik er nye Sagastad

NORDFJORDEID (NRK): 60 millionar kroner har blitt brukt på å realisere kunnskapssenteret Sagastad i Eid. I dag får publikum sjå resultatet.

Vikingskip på Nordfjordeid

FERDIG: Etter mange år med arbeid kan Sagastad endeleg opne dørene.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

Forma som eit skip ligg kunnskapssenteret om vikingtida i sjøkanten.

Dagleg leiar Solveig Midtbø gjer dei siste førebuingane. Framleis er det handverkarar i bygget.

– Eg er like spent som alle andre. Vi har god kontroll, og det er berre småting som skal ordnast, seier Midtbø.

Hovudattraksjonen er plassert midt i bygget, ein rekonstruksjon av Myklebustskipet, det truleg største vikingskipet det er funne restar etter i Noreg.

Skipet er laga av båtbyggjarar frå Bjørkedalen, og blei sjøsett for to veker sidan.

Vikingskip på Nordfjordeid

DIGERT: Myklebustskipet er 30 meter langt, og blir hovudattraksjonen i senteret. Bygningen er teikna av arkitektprofessor Arild Wåge, og arkitekt Siri Lund i Nordplan.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

– Ei heilt unik kunnskapsløype

Solveig Midtbø

GLER SEG: – Eg er like spent som alle andre, seier Solveig Midtbø.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

No er skipet plassert midt i Sagastad. Frå ein plattform går ein over ei lita gangbru før ein er om bord i skipet. Frå det blenkande taket kan ein høyre lyden av havbårer.

– Dette er stjerna i Sagastad, det ligg som eit smykke midt i senteret. Her kan folk gå om bord og kjenne på det flotte handverket, seier Midtbø.

Håpet er at historia om vikingtida i området, og dei viktige Myklebustfunna, skal bli ein turistmagnet.

– Sagastad er mykje meir enn skipet. Vi her laga ei kunnskapsløype som er heilt unik, der folk i alle aldersgrupper kan lære, seier Midtbø.

Samla kostnad på 60 millionar kroner

Men det har kosta. Sagastad Drift AS har brukt 23 millionar kroner på innhaldet i senteret.

Selskapet er eigd av private aktørar, stiftinga Sagastad har om lag fjerdeparten av aksjane.

Den særprega bygningen er eigd av det kommunale føretaket Eid Industrihus, med Sagastad som leigetakar. Kommunen har også stilt med tomta som er verdsett til 12 millionar kroner.

Bygget var meint å koste 30 millionar kroner, men prislappen har enda på 38,5 millionar ifylgje Eid Industrihus, og spriket er blitt ein del av ein rettstvist mellom Eid Industrihus og utbyggar.

Vikingsenteret treng om lag 30 000 besøkande i året for å gå rundt.

– Men vi håpar sjølvsagt langt fleire vil kome til Sagastad. Til neste år vil vi auke målsetjinga, seier Midtbø.

Vikingskip på Nordfjordeid
Foto: Adam Pietrzak / NRK
Etter mange år med arbeid, kan Sagastad opne dørene for publikum. Hovudattraksjonen er plassert midt i bygget, ein rekonstruksjon av Myklebustskipet, det truleg største vikingskipet det er funne restar etter i Noreg.

Trur på turistvekst i Nordfjord

I år er også startskotet for Nordfjordeid som cruisehamn. Vel 50 000 passasjerar kjem i år, til neste år er det venta nær ei dobling.

Ordførar i Eid Alfred Bjørlo (V) meiner cruisesatsinga og opplevingssenteret heng saman i ein heilskap.

– Alle cruiseturistane vil sjølvsagt ikkje vitje Sagastad, men dei ulike attraksjonane i Nordfjord bygger dei andre sterkare.

Bjørlo vedgår at besøkstala er viktige, men er ikkje uroa.

– Det er ein risiko å satse, men det er ein risiko å ikkje satse og. Heile området bygget ligg ved har blomstra opp med park, leilegheiter og kjøpesenter. Hadde vi sagt nei til dette er det mykje som ikkje hadde blitt noko av. Det er ein risiko å stagnere og stoppe, og det er utviklingskrafta som tel, seier Bjørlo.

Sagastad i Eid

SAGASTAD: Framleis pågår det arbeid med å opparbeide området.

Foto: Adam Pietrzak / NRK

Fagleg forankra

Ingen kan eigentleg vite nøyaktig kor stort Myklebustskipet faktisk var, eller vere heilt sikre på kven som vart gravlagd i gravhaugen på Nordfjordeid.

Men det faglege innhaldet er kvalitetssikra av Universitetet i Bergen, dei tilreisande skal vere trygge på at det er dekning for det som blir fortalt.

– Dette har vore eit viktig tema. Vi har hatt eit nært samarbeid med UIB, som har gitt sitt godkjent-stempel. Ulike arkeologar og historikarar gir intervju på skjermar her om kor sikre vi kan vere på det vi presenterer, seier Midtbø.

Vikingskip på Nordfjordeid

BLENKER: Taket i Sagastad-senteret speglar seg i lyset frå fjorden.

Foto: Adam Pietrzak / NRK