Så langt har dei kome med vikingskipet

NORDFJORDEID (NRK): Planke for planke tek Norges største vikingskip form.

VIDEO: Kopien av det største vikingskipet som det er funne restar av, er i ferd med å bli bygd på Nordfjordeid.

Det store skipet skal bli hovudattraksjonen når den nye cruisekaia på Nordfjordeid er ferdig til neste år, og 50.000 cruiseturistar kjem strøymande til fjordbygda. Men først må det nøysame handverket gjerast ferdig.

Ottar Kåre Bjørkedal

TUNGT ARBEID: Det er mykje å gjere for båtbyggar Ottar Kåre Bjørkedal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Høvlane jobbar med det som blir siste planken i høgda det 30 meter lange vikingskipet på Nordfjordeid. Ottar Kåre Bjørkedal veit at båtbygging krev tolmod og presisjon.

– Og så krev det god kondisjon. Det er travelt å høvle for hand, ler han.

Imponert over dimensjonane

Myklebustskipet høyrde til Kong Audbjørn av fjordane som fall i salet ved Solskjel på 800-talet. Skipet brann opp saman med eigaren i ein gravhaug på Nordfjordeid. Men ut frå restane er ikkje arkeologane i tvil om storleiken.

Bygging av vikingskip

STORE TRE: Det trengst mange og store tre for å lage vikingskipet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Arbeidet med kopien starta alt vinteren 2016. I Bjørkedalen i Volda kommune finn ein dei store furene som trengst til slik bygging. Det har blitt mange store tre for å lage det enorme skipet.

Ordførar Alfred Bjørlo (V) er imponert når han ser kor langt båtbyggjarane har kome.

– Alt har utruleg dimensjonar i dette skipet. Eg får hjartebank når eg ser kor stort dette blir.

Trur på turistboom

Alfred Bjørlo

ENORMT: Ordførar Alfred Bjørlo er imponert over storleiken til skipet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vikingskipet blir midtpunktet i Sagastad, eit nytt opplevingssenter for vikingtida på Nordfjordeid. Prislappen blir på 50 millionar kroner, der i hovudsak privat kapital blir investert. Hit håper dei at tusenvis av turistar vil finne vegen.

– Når vi ser interessa i verda for både vikingtida og Fjord-Norge, så klaffar alt på ein gong, seier Bjørlo.

Det er blitt mange stålnaglar som er hamra inn sidan bygginga starta. Det er folk frå bygda Bjørkedalen som bygger båten. Familiar frå denne bygda har mange hundre år med stolte tradisjonar innan båtbygging.

Likevel er Myklebustskipet den største Ottar Kåre Bjørkedall har vore med å bygge. Denne veka kom altså dei siste bordgangane på plass. Om eitt år står skipet heilt ferdig.

– Det er veldig kjekt, det først no det byrjar å bli båt av det og vi ser kor stor og imponerande han er. Dette blir bra, seier han.

Bygging av vikingskip

BÅTBYGGARANE: Dei kjem frå Bjørkedalen i Volda og lange tradisjonar innan båtbygging.

Foto: Arne Stubhaug / NRK