Hopp til innhold

No merkar dei sjukepleiarmangelen også i småbyane

FLORØ (NRK): Ingen søkte då Flora kommune lyste ut sjukepleiarstillingar ved eit omsorgssenter. Problemet er aukande, meiner Norsk Sykepleierforbund.

Ragnhild Holm

NULL SØKJARAR: Pleie- og omsorgssjefen i Flora, Ragnhild Holm, vil lokke til seg sjukepleiarar.

Foto: SOLVEIG SVARSTAD / NRK

– Eg trur eg helst vil jobbe innan noko akutt, på intensiven eller på barselavdelinga, seier Christina Hopen.

Ho går første året på sjukepleiarstudiet i Førde. Som så mange andre siktar ho seg inn på sjukehusjobbing etter studia. Det same gjeld for kollega Fredrik Sørensen. Akuttmedisin lokkar han mest.

På landsplan vert det kvart år lyst ut tusenvis av sjukepleiarstillingar som ikkje får ein einaste søkar, opplyser NAV. Vefsn kommune tilbaud 60.000 kroner i rekrutteringsbonus då dei skulle tilsetje 20 nye sjukepleiarar.

Tidlegare var taparen dei mindre kommunane, men no slit også småbyar og større kommunar.

Då Flora lyste ut sjukepleiarstillingar ved eit omsorgssenter, så enda dei opp med null søkjarar.

– Dei siste åra har me fått færre søkjarar. Me trur det speglar det som resten av landet opplever, at det er ein mismatch mellom kor mange som vert utdanna og kor mange som faktisk trengst med sjukepleiarkompetanse, seier pleie- og omsorgssjefen i Flora, Ragnhild Holm.

Ser ein trend

Dette er ein situasjon som også Norsk Sykepleierforbund kjenner att.

– Dette er ei utvikling som har halde på over ei viss tid, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane, Oddgeir Lunde, og held fram:

Oddgeir Lunde

KJENNER AT SITUASJONEN: Fylkesleiar i Norsk Sykepleierforbund, Oddgeir Lunde.

Foto: SOVLEIG SVARSTAD / NRK

– Det er manko på sjukepleiarar i Noreg, og faktisk også i Europa.

Kommunar og sjukehus kjem til å få problem med å tilby dei helsetenestene dei er plikta til å yte, trur Lunde.

– Vi er snart ved ein kritisk situasjon. Det blir gitt gode tenester, men mangelen på sjukepleiarar gjer at det bør blinke nokre varsellampar, seier han.

Fokuserer på det positive

For Flora kommune betyr dette at dei må bli oppfinnsame i måten dei rekrutterer på.

– Me kan hjelpe til med å knyte kontaktar sånn at sambuarar og ektefellar lettare kan få seg jobb. Og me prøver å hjelpe til med barnehageplass og bustad, seier Ragnhild Holm.

Ho etterlyser også fleire studieplassar ved sjukepleiarstudia i Noreg.

– Eg går ikkje i kjellaren av at vi ikkje får søkarar, men kjenner ein sterk kampvilje til å skaffe nok folk, seier ho.

Stress

Fleire av dei sjukepleiarstudentane som NRK møter jobbar no ved sjukeheimar eller i heimesjukepleia. Høge stressnivå er blant grunnane til at dei ikkje vil jobbe vidare der etter studia.

– Det var veldig kjekt, men også stressande. Der eg jobba før har dei no gått ned i bemanning, så då ser eg for meg at det er endå meir stressande der, seier Ingeborg-Marie Fauskanger.

Studiekollega Fredrik Sørensen peikar også på at heimesjukepleia kan bli litt for rutineprega for hans smak.

– Det er litt meir action på sjukehus og i ambulansetenesta, seier han.

Sjukepleiarstudentar ved Høgskulen på Vestlandet, Førde

SNART UT I ARBEID: Sjukepleiarstudentane ved Høgskulen på Vestlandet vil ha action i ein framtidig arbeidskvardag.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK