No kjem det 5 millionar til Stad skipstunnel

Stad skipstunnel fekk ikkje pengar til utbygging då statsbudsjettet blei lagt fram. No har regjeringspartia snudd.

Stad skipstunnel

BLIR REALISERT: No er byggestarten for Stad Skipstunnel føresett til 2021.

Foto: Kystverket/Snøhetta

Regjeringspartia har blitt samde om å løyve 5 millionar kroner på Statsbudsjettet 2020 til å sikre framdrifta i vidare planlegging av Stad skipstunnel.

Styringsgruppa for skipstunnelen ynskte sju millionar kroner i planleggingsmidlar for å sikre byggestart i 2021.

Dei fem millionane som no er løyva gjer at det er mogleg med byggestart i 2021 som føresett i den nasjonale transportplanen.

Alfred Bjørlo på Moakonferansen i Ålesund

NØGD ORDFØRAR: – Vi er letta, seier Alfred Bjørlo som blir ordførar i nye Stad kommune.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi er glade og letta over at Høgre, Frp, KrF og Venstre på Stortinget no sikrar at framdrifta i arbeidet med Stad skipstunnel kan halde fram, seier ordførar i nye Stad kommune, Alfred Bjørlo.

Stad skipstunnel er det einaste store investeringsprosjektet innanfor sjøtransport i Nasjonal Transportplan, og skal knyte saman Vestlandet.

Løyvinga på 5 millionar kroner vil gå til å halde oppe framdrifta i planleggingsarbeidet.

Positivt, men puslete

Leiar i Vestland Senterparti Sigurd Reksnes er også nøgd med at regjeringspartia snur og gjev det han kallar «litt pengar». Dermed stoppar ikkje prosjektet opp, meiner han.

– Men eg synest dette er for lite, puslete, og Regjeringa burde ha kome med ei startløyving, slik at prosjektet kjem i gang, seier Reksnes.

Han håpar dei kan halde fram slik som dei tidlegare har planlagt.

– Planen om byggestart i 2021 må ligge fast. Vi kan planlegge i all æve, men alle føresetnader er på plass, og prosjektet er ferdig kvalitetssikra.

Bad om 7 millionar

– Vi var veldig skuffa då det ikkje låg oppstartsmidlar inne i statsbudsjettet, seier Randi Humborstad, prosjektleiar for Stad skipstunnel si styringsgruppe.

Randi Humborstad

GOD START: – Men det er i statsbudsjettet for 2021 kampen no står, seier Humborstad.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Då kravde dei i staden midlar til vidare planlegging, 7 millionar kroner. I dag fekk dei altså fem.

– Det er ein veldig god start, seier ho.

Ho understrekar at dette ikkje er pengar til sjølve bygging, eller oppstartsmidlar, og ho seier at det er i statsbudsjettet for 2021 kampen no står.

– Det er då denne Regjeringa må levere dersom dei skal følgje opp Nasjonal transportplan der Stad skipstunnel ligg inne, fullfinansiert, seier ho.

Svært gledeleg

Ordførar Lena Landsverk Sande (V) i Vanylven er svært glad for at det no er funne plass.

– Vi treng pengane til å halde fram planlegginga. Dette gjer at Kystverket kan få starte sitt arbeid med forprosjektet. Det er mykje planarbeid som må gjerast før ei bygging kan starte, seier Sande.

Totalkostnad for heile prosjektet er rekna ut å bli rundt 3 milliardar kroner.