No kan norske hamner søke om støtte til landstraum

Norske hamner skal bli meir miljøvenlege. Frå i dag av kan hamnene søke Enova om støtte til landstraum.

Landstraum

MEIR MILJØVENLEG: Enova gir støtte til hamner som vil forsyne båtar med landstraum.

Foto: Robin Strand

– Målet er at skip ikkje lenger skal vere nøydde til å ha dieselmotorane i gang når dei ligg til kai, men kunne forsynast med straum frå land, seier Petter Hersleth, som er marknadssjef for transport, fjernvarme og anlegg i Enova.

Så langt er det bygt få større anlegg for landstraum i Norge. Hamnene har peika på at få skip er klargjort for landstraum og at det difor er vanskeleg å få lønsemd i prosjekta. Reiarlaga har på side peika på at det er dyrt å bygge om skipa, før ein har eit tilbod i land.

Gir støtte

Noralv Distad

VIL SØKE: Ordførar Noralv Distad (H) i Aurland.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Tysdag lyste Enova ut ein konkurranse der interesserte hamner kan søke. Dei beste søknadane i kvar runde får støtte. I turistkommunen Aurland er dei klare til å søke.

– I første rekke kjem vi til å søke for å legge til rette for landstraum for det nye turfartøyet som skal gå mellom Flåm og Gudvangen. Det blir ein båt som også skal gå delvis på straum, og som treng forsyningar også til det, seier ordførar Noralv Distad.

Beste søknad vinn

Alt etter kva anlegg som blir bygt kan støtte frå Enova variere frå kring millionen til fleire 10-tals millionar. I KS Bedrift Havn applauderer dei satsinga frå Enova.

Pia Farstad von Hall

VIKTIG TILTAK: Pia Farstad von Hall er direktør for KS Bedrift Havn.

Foto: privat

– Vi er veldig glade for at Enova no kjem med tiltak til landstraum. Det er kjempeviktig, og for hamnene betyr det at dei no kan få investeringsstøtte, seier Pia Farstad von Hall, som er direktør for KS Bedrift Havn.

Cruisehamn

Årleg er om lag 150 store cruiseskip innom Flåm i Aurland, men Distad trur det eit lenger lerret å bleike før ein også kan tilby dei landstraum.

– På sikt ynskjer vi å også tilby desse landstraum, men for det første er det svært dyrt å legge fram straum, og så må vi og ha ein kunde i den andre enden. Vi håpar no at det skal bli lagt til rette for dette gjennom internasjonale reglar.

– Men dersom de no kunne tilby landstraum til cruiseskipa ville ikkje det kunne vere med på å overtyde cruisenæringa om å legge til rette for dette på skipa sine?

– Eg skulle ynskje det var så enkelt, men cruiseskipa opererer i mange hamner over heile verda. Det er nok først når dette blir vanleg i mange land at det blir aktuelt å gjere desse investeringane på skipa, trur Distad.

Ingen grunn til å vente

Petter Hersleth

BESTE SØKNAD VINN: Petter Hersleth er marknadssjef for transport, fjernvarme og anlegg i Enova.

Foto: ENOVA

I Enova meiner Hersleth at det ikkje er nokon grunn til å vente.

– Vi trur at når det er landstraumsanlegg tilgjengeleg så vil det også bli fleire skip som bygger om, seier Hersleth.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.