Hopp til innhold

Kystvegen kan vere eitt steg nærare

Staten vil vurdere å ta over ei rekkje fylkesvegar. – No siglar Kystvegen opp, meiner forkjemparane.

Forslag til bru mellom Vågsøy og Bremanger på Kystvegen

BRU: Dette er eitt av forslaga til bru mellom Vågsøy og Bremanger på Kystvegen.

Foto: Ingeniørfirmaet Aas-Jakobsen

Denne veka kom det som kan bli ei gladmelding for innbyggjarane langs kysten. Frp, Høgre, Venstre og KrF på Stortinget skriv i sin merknad til oppgåvemeldinga: «Større vegar med sterke næringsinteresser kan vurderast overført til staten».

Bengt Solheim-Olsen

NØGD: Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) meiner signala frå regjeringa er midt i blinken for Kystvegen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Flora-ordførar, og styreleiar for prosjektet, Bengt Solheim-Olsen (H) er optimistisk.

– Det er eigentleg midt i blinken, for tankegangen og behovet er for ein samanhengande veg langs kysten av Sogn og Fjordane, seier han.

– Veldig spennande

Høgre-ordføraren har ivra for ei opprusting av det som blir kalla Kystvegen mellom Ålesund og Bergen. Særskild biten mellom Florø og Måløy. Og no kan den stå for tur.

Bjørn Lødemel (H) sit i kommunalkomiteen som handsama meldinga. Han tykkjer det er veldig spennande og at Kystvegen er eit prosjekt som bør overtakast av staten.

Kystvegen, Illustrasjon

ILLUSTRASJON: Betre samband mellom Florø og Måløy er

– Det er ein viktig veg som går gjennom tre fylke og er ein næringsveg på alle måtar. Allereie i 2013 skreiv vi ein merknad til Nasjonal Transportplan at ein burde vurdere Kystvegen over på statleg ansvar, seier han.

Gir større sjanse

Bjørn Lødemel

SPENNANDE: Bjørn Lødemel (H) meiner Kystvegen er eit prosjekt som bør overtakast av Staten.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Solheim-Olsen seier det ikkje er endeleg bestemt om dei vil ha statleg veg, men vedgår at dei heller meir og meir i retning av det. Spesielt med omsyn til å få realisert delar av vegen så raskt som råd.

– Signala som kjem frå fylkeskommunen er at investeringsmoglegheitene er relativt små i eit 10-20-års perspektiv, seier han.

– Kvifor skal staten eventuelt bruke pengar på ein parallell til sin eigen E39.

– No går den relativt langt inne i landet. Det har skapt eit umiddelbart behov for å få fortgang i ein samanhengande veg langs kysten mellom Ålesund og Bergen.