Røyken etter fredspipa til Førde- og Flora-ordførarane har så vidt lagt seg etter ein oppvarma flyplassdiskusjon, før statssekretær i Samferdsledepartementet, Tom Cato Karlsen (Frp), avviser innhaldet i den.
– Vi registrerer diskusjonen i Sogn og Fjordane, seier han.
Oppheita debatt
Det tok verkeleg av etter at Flora-politikar Bjørn Hollevik (H) tenkte høgt om å byte flyplassar mot vegsamband som til dømes Kystvegen Florø-Måløy.
- LES OGSÅ:
Ei rekkje politikarar kjende seg kalla til ein oppheita meiningsutveksling med harde skuldingar og ordelag. Det enda med (begge Høgre) i spissen.
Til slutt beklaga også Hollevik utspelet.
– Høgttenking, det er ein litt farleg sport, sa Hollevik.
– Registrerer debatten
Sjølv om Avinor no har fått i oppdrag frå regjeringa å vurdere strukturen, seier statssekretær Karlsen at ein ikkje tek omsyn til vegplanar. Han står fast på regjeringa ikkje vil ta omsyn til slike lokale debattar.
Og legg til at regjeringa ikkje har noko spesiell plan om å leggje ned flyplassar.
– I den grad vi skulle bede om ei slik utgreiing, så ville det vore offentleggjort. Vi registrerer at det er debatt, men utover det så har vi ikkje så mykje meir å tilføye, seier statssekretær Karlsen.
Årleg framlegg
– Det er ingen masterplan frå Regjeringa å byrje å leggje ned flyplassar i Sogn og Fjordane, legg han til.
Men fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, har nesten årleg teke til ordet for å redusere tal flyplassar. Han meiner også at dette bør utløyse meir pengar til veg.
- LES OGSÅ: Frp vil leggje ned flyplassar (2010)
- LES OGSÅ: Vil ikkje vente med flyplassnedlegging (2012)
- LES OGSÅ: Frp vel gjerne veg framfor flyplass (2013)
Djuvik meiner utspelet frå statssekretæren ikkje betyr at regjeringa avlyser innspela han har kome med.
- LES OGSÅ:
– Det ville vere uryddig av departementet å uttale seg om dette før Avinor legg ned sitt utkast på løysing 1. mai 2015, seier han.
Internt partidiskusjon
Tom Cato Karlsen seier det er ein skilnad på Frp sin politikk som Djuvik kjempar for, og det som er Høgre/Frp regjeringa sin regjeringsplattform.
– Vi styrer etter regjeringa sin plattform. Det kjem vi til å gjere denne perioden. Så er det sjølvsagt ein diskusjon internt i partiet å gjere det som er diskutert i Sogn og Fjordane, avsluttar Karlsen.