Hopp til innhold

Kystjubel for ferjeavløysingsmidlar

– Dette var eit vere eller ikkje vere, seier Askvoll-ordførar Frida Melvær (H) etter dagens gladmelding frå kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Det er stille før stormen i Askvoll, men kommunen håpar dei er godt budde før Nina når land.

NØGD: Frida Melvær (H), her saman med teknisk sjef

Foto: Stein Jarle Aase

Under dagens landsmøte avslørte Jan Tore Sanner at regjeringa vil presentere eit forslag som gjer at fylkesferjer skal kunne avløysast av bruer.

Dette kan vere godt nytt for forkjemparane for Kystvegen, 45-minuttarsregionen Florø – Måløy og Atløysambandet.

– No veit vi ikkje korleis den endelege innretninga blir før 12. mai, men signala i dag var veldig, veldig gode, jublar ordførar Frida Melvær (H) i Askvoll.

Kan bety ein milliard

For ei slik løysing kan vere den store brikka som må på plass for at Atløysambandet skal bli ein realitet. Slik innretninga er i dag, med tilskot gjennom 30 år, vil det utløyse nær 700-800 millionar kroner.

Med dispensasjonar frå krav til vegstandaren kan beløpet bli langt mindre. I regjeringserklæringa kjem det fram at dei ynskjer å utvide innretninga til 40 år. Då kan det bety ein milliard kroner.

Karl Vidar Førde

VENTAR: Karl Vidar Førde vil vente til innretninga er klar, før han slepp jubelen laus.

Foto: Anita M. Ingebrigtsen/Firdaposten

– Difor er vi no veldig optimistiske på at dette kan bli sjølvfinansiert og utan at det går utover ordinær prioritering av samferdslemidlane, men berre gjennom ferjeavløysingsmidlar, seier Melvær.

Ferjefritt Florø – Hareid

Jubel er det også å spore lenger nord på kysten. Ei slik endring kan bety at ferjesambanda Måløy – Oldeide og Stårheim – Isane kan erstattast med bru. I tillegg må vegar rustast opp og ein tunnel drivast frå Indrehus til Svelgen.

Illustrasjon Kystvegen

45 MINUTTAR: Slik vil 45-minuttsregionen sjå ut.

– Det har tidlegare vore signalisert tilskot gjennom 40 år, og eg håpar det blir fasiten. Eg trur eg ventar med jubelen til den er klar, seier styreleiar i Kystvegen Florø – Måløy, Bremanger-ordførar Karl Vidar Førde (Sp).

Eivind Hjellum

NØGD: Prosjektleiar Eivind Hjellum i Kystvegen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Prosjektleiar Eivind Hjellum i Kystvegen er nøgd med signala i dag. I tillegg til bru i ytre Nordfjord, kan det bety bru over Rovdefjorden.

– Desse to tinga kan gjere at vi får ferjefritt frå Florø til Hareid, seier Hjellum og legg til at ein sørover langs kysten framleis har utfordringar i prosjektet.

Har planen klar

Verken Hjellum eller Melvær vil sleppe den store jubelen laus, men dei seier signala er eit stort steg i rett retning. I Askvoll har kommunen har kommunen brukt to millionar kroner på planleggingsarbeidet. Lokalsamfunnet på Atløy har støtta dette med 250.000 kroner.

– Vi har vore offensive og vore i god tru, så vi håpar å ha kommunedelplanen for Atløysambandet ferdig og vedteken i løpet av året. Når dagen kjem, så vil vi vere i posisjon, seier Melvær.

– Reiseavstanden er stor for folk og offensive fiskerinæringar på Atløy, Bulandet og Værlandet. Får vi utløyst sambandet, halverer vi reisetida frå dei yste øyane til fastlandet, held ho fram og legg til at Atløysambandet også kan utløyse eit trekantsamband mot Lutelandet.

– Men så har vi også dette med kommunereforma, der avstandskriterium er noko vi må ta høgde for og planlegge. Nærleik og effektivitet er viktig både for folk og næring, avsluttar ho.